– DNA er «inn» for tida og ein høyrer stadig om dette i diverse media og innan historie- og slektsforsking. Programmet Åsted Norge brukte blant anna DNA og slektsforsking i forbindelse med «containerbabyen». I tillegg går nå Ukjent arving på NRK og 1. mars er Tore på sporet tilbake på NRK med ny sesong. Slike program som dette gjer at slektsforsking blir stadig meir populært, og fleire nytter seg også no av DNA. Det gjer også selskap som MyHeritage. Slekt og Data Haugaland har ei eiga brukargruppe for DNA som møtest ein gong i månaden, der ein får både informasjon og hjelp innan DNA, fortel leiar Tore B. L. Erland.
Etter DNA-innføringa blir det også den vanlege «slektskafeen» i biblioteket, der ein får hjelp av erfarne slektsforskarar. Arrangementet er gratis, opplyser Erland, og fortel vidare at om DNA-føredraget blir populært så vil Slekt og Data sette opp fleire.
Kan få hjelp
Som kjent blei DNA stort utover 90-talet og i dag er det enkelt å få tilgang på eige arvemateriale gjennom metoden.
Me har DNA i kromosoma våre som seier noko om bakgrunnen vår. Ved å ta ein prøve frå munnhola og sende inn til genanalyseselskap, kan ein få vite noko om biologisk slektskap og sannsynlig geografisk avstamming. Det er ein fordel om fleire i slekta har sendt inn prøve, for din genprøve blir samanlikna med andre innsendte sitt arvemateriale.
Når ein først har sendt inn ein DNA-prøve så kan det vere utfordrande å tyde resultata. Dette kan Slekt og Data hjelpe deg med. Under føredraget får ein altså vite meir om metoden også korleis ein går fram.
DNA
Fakta:
– DNA er kort for deoksyribonukleinsyre
– Det er eit makromolekyl som inneheld genetisk informasjon, og som er grunnlaget for utviklinga av alle kjente levande organismar og ein del virus
– Hovudrolla til DNA er å lagre informasjon på lang sikt
– DNA inneheld «oppskrifta» på alle cellekomponentar
– Inne i cellene er DNA inndelt i kromosom. I forkant av celledelinga blir ein kopi laga av alle kromosoma