Gode innbyggarar!
Me er i ei tid som vil krevje mykje av oss alle. Nå er det viktig at me stiller oss fullt og heilt bak dei strenge, og omfattande tiltaka som sentrale myndigheter har gitt. Barnehagar og skular er stengt, me har lukka ned alle kultur- og idrettsarrangementet. Våre sjukehus, helse- og omsorgssentra er stengde for besøk. Frå måndag 16.mars vil dette også gjelde Rådhuset. Me er i ei annleis tid der me skal trekke oss tilbake og ikkje vera så mykje saman.
Likevel er det viktig at me passar på kvarandre. Me må slå ring om dei som jobbar innan helse- og omsorgsyrker, eller innehar andre samfunnskritiske oppgåver. Her vil det bli nødvendig med ein skikkeleg dugnad, der me blant mykje sikrar barnevakt og anna slik at dei som må kan gå på jobb. La oss alle ta del i dugnaden slik at risikoutsette grupper ikkje blir ekstra eksponert for smitte.
Eg vil berømme jobben som blir gjort av rådmannen og alle tilsette for å legge om planar og finne gode løysingar for tenesteproduksjonen. Takk til alle som står på ekstra i ein spesiell situasjon, for alle innbyggarar sitt beste.
Kommunen har sett i gong ein rekke tiltak. Desse blir ved behov publisert på kommunen sine nettsider. Mange vil ha behov for informasjon, svar på spørsmål også liknande. Kommunen bemannar opp telefonen slik at ein skal klare å svare på dei spørsmåla som kjem. Nokon vil sikkert oppleve å få opptattsignal. Vit då at kommunen har mange på jobb som svarar og at når du får opptattsignal er det andre som får svar.
Kanskje vil fleire og fleire av oss hamne i karantene. Då er det viktig at me følgjer dei reglane som blir gitt for dette. Kanskje vil nokon då trenge hjelp for å handle inn matvarer – då hjelper me kvarandre med det. Det er avgjerande at alle no i den situasjonen me er i hjelper kvarandre med å dempe og stanse virusutbrotet.
Butikkane våre og sentrale myndigheter seier at det ikkje er behov for å hamstre mat. La oss alle lytte til desse råda. Det vil vera mat til alle, og best av alt er det om me handlar som normalt. Matbutikkane vil halde ope.
Eg held god kontakt med formannskap og gruppeleiarane i dei ulike partia. Det vil ikkje bli halde planlagte politiske møter før påske. Eg har invitert formannskapet til møte i neste veke for å gje informasjon om alle tiltaka kommunen no har sett i verk. Møtet blir halde via telefon/eller skype. Dersom det skulle vera behov for å gjera nødvendige vedtak i kommunestyret vil me nytte oss av fjernmøter slik kommunelova legg opp til. Me ser ikkje det som nødvendig på noverande tidspunkt.
Hugs at me skal prøve å leve tilnærma som normalt. Me skal sikre at me tek vare på kvarandre med å ikkje vera så mykje fysisk saman. Hugs å alltid tenke å forebygge smitte. Og for dei som har høve og kan, gå tur når muligheten byr seg for det. Ta ein telefon til ein fjern venn eller naboen for den saks skyld du ikkje har sett på ei stund, send SMS eller kommuniser via sosiale medier.
Sigmund Lier, ordførar