Alf-Einar Kvalavåg er redaktør i Tysvær Bygdeblad. Foto: Irene Stuhaug
Alf-Einar Kvalavåg er redaktør i Tysvær Bygdeblad. Foto: Irene Stuhaug

– Me er med på laget

Det er utfordrande tider for oss alle. Det er mykje informasjon som skal ut, nye reglar som skal følgast og viktige val som må takast. I ei slik tid speler lokalavisene rundt om ei svært viktig rolle.

Tysvær Bygdeblad har dei siste dagane vore med på å spreie informasjon og saker både som me sjølv har laga, men også som Tysvær kommune har behov for at folk skal få med seg. Det har vært ein krevande jobb, og det meste har skjedd på nett til no.
Som dei fleste andre aviser har me opna alle saker som handlar om koronavisruset, slik at alle kan lese dei, og få med seg den viktige informasjonen. Dette er sjølvsagt bevisst og ein del av det samfunnsoppdraget me som lokalavis har.

Me har ope gått ut og sagt at me har ein tett og tovegs dialog med Tysvær kommune. Me får raskt oppdateringar og innsyn. Me snakkar godt saman til innbyggarane sitt beste. Samstundes har me gitt klokkeklar beskjed om at me også til ei kvar tid kritisk vil følge med på kva kommunen gjer. Det er slik me kan skape eit truverdig produkt.

På torsdag kjem me ut med papirutgåva. Der har me mange saker som handlar om virusutviklinga dei siste dagane. I tillegg har me sjølvsagt også funne plass til nokre andre saker. Men Tysvær og verda ligg nede for tida, det vil ein merke også i avisspaltene.

Me har valt å lukke døra til redaksjonen og gjer det meste av arbeidet heimanfrå i det som nå er blitt allemannseige, nemleg heimekontoret. Der har me fått telefonar og e-postar frå både gamle og nye leserar. Me set stor pris på at ein er engasjert og har spørsmål som me kan stille vidare. Våre «opningstider» den siste veka har vore langt lengre enn vanleg, og me vil fortsette å gjere det me kan for at du skal vere oppdatert.

Men det er usikre tider. Annonsørane våre som er med og gjer at avisa har ein sunn økonomi står nå på vent og held pusten. Det får konsekvensar for alle som driv verksemder basert på annonsering. Me er heldige som har ein trufast og solid skare av abonnentar. Og i desse tider må me få lov til å fri til alle dei i Tysvær som ikkje har lokalavisa. Å gi vekk det me lagar gratis er sjølvsagt noko me kan leve med ei tid, men ikkje lenge. Det kostar å lage avis.
Så me håper at mange nye, og tidlegare, abonnentar nå ser kva me har å tilby på nett og på papir og blir ein del av Bygdeblad-familien. Prisen for eit årsabonnement bør ikkje skremme nokon.
Så håper me også at dei som har noko å melde i desse unntakstider ser nytten i å annonsere også hos oss. I tillegg til å få ut informasjon, er ein da også med og gir eit viktig økonomisk bidrag til det viktige samfunnsoppdraget avisa har.

Dette er ei tid som hentar ut det beste i mange av oss. Me kan ikkje oppfordre til anna enn å følge dei råda ein får beskjed om. Så skal me gi vårt bidrag gjennom daglege oppdateringar, og papiravisa som kjem i postkassen på torsdagar.

Ta vare på kvarandre.

Alf-Einar Kvalavåg, redaktør

Du kan nå meg på 91811592 og på [email protected]