Av: Olav Linga, konsernsjef, Haugaland Kraft og John Harald Jakobsen, direktør, Haugaland Kraft Energi
Regn, regn og atter regn. 2020 fekk ein uvanleg våt og mild start. Proppfulle vassmagasin og avskrudde varmeomnar i private heimar bidrog i februar til blant dei billegaste vinterprisane nokosinne registrert på den nordiske kraftbørsen. Kraftprisen var i februar i år 70 prosent lågare enn det den var i november i fjor.
Korona gir prisbrems
Så kom mars og koronaviruset gjorde sitt inntog i Noreg og i vår region. Landet er stengd ned, folk held seg heime. Denne unntakstilstanden bidreg til billegare straum enda lenger enn det som blei spådd i forkant av viruset. Ein husstand med normalt straumforbruk og straumavtalen «Følg markedet» betaler no under halvparten av det den betalte for eit tilsvarande straumforbruk i februar i fjor (ekskl. nettleige).
Det er svært enkelt sagt tilbod og etterspurnad som styrer straumprisane. Noreg er ein del av ein felles europeisk kraftmarknad, og etterspurnaden etter kraft i Europa har gått kraftig ned på grunn av viruset. Store, kraftkrevjande produksjonsbedrifter i Noreg held det heldigvis gåande per dags dato. Koronaviruset har difor ikkje hatt det store utslaget på den totale etterspurnaden etter straum her til lands enda, men også her heime kan situasjonen fort endra seg.
Dei låge straumprisane er gode nyheiter for alle som no blir permitterte, bedriftseigarar eller andre som får økonomiske vanskar som følgje av koronasituasjonen. Men sjølv med låge straumprisar vil folk kunne oppleva betalingsutfordringar i månadene framover. Dette er fullt forståeleg og me vil, som mange andre, strekkja oss så langt me kan for å tilby kundane våre alternative betalingsløysingar.
Straumkunden får større kontroll
Koronapandemien kom brått på oss alle og illustrerer kor vanskeleg det er å spå korleis straumprisane blir i åra som kjem. Utover vêret og globale og nasjonale kriser, er det også mange andre faktorar som påverkar kva me kundar til sjuande og sist betaler for straum i stikkontakten. Mykje handlar om kva som skjer ute i den store verda, men også klimaendringar, politiske avgjerder, innovasjon og investeringar her heime spelar ei viktig rolle.
Interessa for solkraft har auka kraftig i løpet av det siste året, både blant private og bedrifter. I åra framover trur me at stadig fleire vil skaffa seg solceller på taket. Dette betyr at forbrukarane i stadig større grad kan påverka si eiga straumrekning gjennom å bruka sjølvprodusert solenergi når kraftprisane stig.
I tillegg har dei aller fleste i vår region fått på plass nye, smarte straummålarar i heimane sine. Dei nye målarane er i stand til å visa deg straumforbruket ditt time for time. Dette legg til rette for smart energistyring og er nok eit døme på at straumkundane får stadig større styring over eigne straumutgifter. Dette heiar me på og utviklar no gode, digitale verktøy for smartstyring som kundane våre vil få tilgang til i løpet av året. Dei som investerer i ny teknologi og allereie i dag lærer seg gode vanar for straumsparing, vil i framtida kunne spara gode pengar – uavhengig av vêrgudar og globale kriser som korona.