Ordførar Sigmund Lier.
Ordførar Sigmund Lier.

Ordføraren: – Tiltaka var forventa

Ordførar Sigmund Lier har sjølvsagt fått med seg regjeringa sin pressekonferanse angåpande tiltak mot koronaviruset.

Har følgt pressekonferansen til regjeringa. Ei vidareføring av tiltaka var forventa. Eg synest vurderingane som blir gjort er gode og forståelege. Det er positivt at det kan sjå ut som tiltaka har virka, dog det visste ein ikkje sikkert før ein har hatt tiltaka nokre veker til.

Det er viktig at me alle fortset dugnaden med å dempe smittespreiinga og sikre at ikkje så mange blir sjuke samstundes.

Dette blir ein annleis vår, ein nødvendig annleis vår for å avgrense smittespreiinga av Korona-viruset. Det er viktig at me som samfunn tek omsyn og sikrar at dei som er i risikogruppa blir skjerma i mest mogleg grad.

Eg er og uroa for butikkar, små og store bedrifter. Dei har ei vanskeleg tid og eg forventar at Stortinget kjem med støtteordningar både for dei som jobbar og for bedriftene.

Kommunen fortset arbeidet og gjer det me kan for å sikre gode tenester for alle.

Sigmund Lier – ordførar Tysvær kommune