I år blir det ikkje noko lokal 1. maifeiring i Tysvær grunna korona-situasjonen.
I år blir det ikkje noko lokal 1. maifeiring i Tysvær grunna korona-situasjonen. FOTO: Troels Kjems

I år blir det digital 1. maifeiring

Det blir ingen lokal 1. mai-markering i Tysvær i år. Men dei som ønskjer kan vere med på det digitale programmet til Arbeiderpartiet, AUF og LO, opplyser Aud Irene Eikemo i Tysvær Arbeiderparti.

Fleire lokallag avlyser sine 1. mai-arrangement på grunn av koronakrisa.
– Det er truleg første gong sidan krigen det ikkje blir gjennomført 1. mai-markeringar, seier Eikemo.
Vanlegvis er det både frukost, talar og musikk i Tysvær på 1. mai. I år blir det altså ei landsdekkande, digital feiring. Der blir det kulturinnslag, historisk tilbakeblikk, appellar og tog, for å nemne noko.
Arbeidernes dag har blitt markert i Norge sidan 1890. I 1947 anerkjente Stortinget 1. mai som offentleg høgtidsdag.

Årets digitale feiring går føre seg på LO sine nettsider, mellom klokka 11 og 14 1. mai.