Anita Helgeland kjem med ny musikk denne våren og sommaren. Det er berre å glede seg.
Foto: Helge Martin Framnes
Anita Helgeland er ein av dei aller første artistane som slepp til under «Blirbra festivalen». Foto: Helge Martin Framnes

Endeleg klart for «Blirbra festivalen»

I dag fredag startar den digitale sommarfestivalen i Tysvær. Då slepp ein den første av mange kulturelle innslag som trøyst for alle arrangement som nå er avlyst.

Den eine festivalen etter den andre er avlyst. Konsertar det same. Kulturscenar over heile landet ligg i mørke og kulturhusleiarar og kultursjefar grev djupt i fantasien for å finne på ein god måte å få kulturen ut til folket. I Tysvær er det i år ingen Tysværdag, eller «Sommar i Tysvær». Det heile er som tidlegare gjort kjent samla under fana «Blirbra festivalen». Og fredag kjem det første innslaget.
– Me har hatt ein idé om å samle ei rekkje med kulturelle innslag digitalt. Det er konsertar, drama, kunst og anna som ein elles ville funne i eller rundt kulturhuset vårt. Nå har eg gitt i oppdrag til kulturhusleiaren og dei som jobbar der å skape noko digitalt. Den utfordringa har dei tatt, og nå kjem det til å komme festivalinnslag utover heile sommaren, seier kultursjef Anders Netland.
Då me gjekk gjennom sommaren med Netland for eit par veker sidan var mykje uavklart på grunn av koronaviruset. Litt meir oversikteleg er det nå, men lett er det ikkje.
– Nei, det er framleis avgrensingar for korleis ein kan ha arrangement. Difor kjører me nå på med dei planane me har. Det kan aldri vere eit fullgodt alternativ til å oppleve kultur live, men dette skal vere kvalitetsprodukt som er laga eksklusivt for denne festivalen, seier Netland.

Kulturhuset

Det heile startar i dag fredag 22. mai med MUNOR i det som mange vil seie er ei litt overraskande setting.
– Me har tatt med oss MUNOR rundt om i kulturhuset saman med filmskapar Erlend Bjelland. Det blei knalltøft og det eg trur blir ei positiv overrasking for sjåarane. MUNOR betyr mykje for oss og mange i Tysvær, og me var svært glade for å kunne starte opp med dei og dette stuntet, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
Det heile skjer på Tysvær Bygdeblad sine nettsider frå klokka 11.30.
– Det me gjer er litt unikt, og eg er svært nøgd med at me har fått til eit så godt samarbeid mellom kommunen og Tysvær Bygdeblad. Det betyr at me når ut til mange, og at lokalavisa også får formidle kultur i ei vanskeleg tid. I tillegg til det me produserer vil avisa også lage innslag som blir ein del av festivalen, seier Simonsen.

Innhald

Det blir nå jobba på spreng med tette deadliner for å kunne servere noko nytt ein gong i veka.
– Kan du røpe noko av innhaldet?
– MUNOR opnar som sagt, før me presenterer ein heilt ny musikkvideo med Anita Helgeland. Så har me fått ja frå musikar og songar Roger Hemnes, som skulle hatt lunsjkonsert. Kva setting me tar med han er ikkje heilt klart. Me har også gjort avtale med ei rekkje unge musikarar som skal halde konsert. Me har ein avtale med Haugesund barne- og ungdomsteater. I tillegg er det fleire som me nå jobbar med å finne tid til å gjere noko med. Før det er heilt i boks vil me ikkje gå ut med namna. Det får vere ei hyggeleg overrasking etter kvart, seier Simonsen.
– Me vil også prøve å få til innslag som ikkje er direkte knytt til scene. Tysvær har eit rikt kulturliv som også inkluderer kunstnarar og historiske stader. Men som Simonsen seier så er dette eit arbeid som må klarerast også tidsmessig i ei tid der framleis mykje er lukka. Uansett så er ventetida over for oss nå, og eg er glad for at me i dag kan sleppe laus det første innslaget i den digitale festivalen vår, seier Anders Netland.
Filmprodusent Erlend Bjelland skal vere med på dei fleste innspelingane. Det har vore viktig for festivalkomiteen å få på plass.
– Erlend er ein flink fyr som det er lett å drøfte idear med. At me kan bruke ein slik kunstnar og kapasitet i dette prosjektet er me stolte over. Mange har gjort ein stor jobb for at dette skal bli eit tilbod til vårt kulturpublikum. Det er spesielle tider og da må det spesielle tilbod til. Slik er det berre, avsluttar Øystein Simonsen.

Det første innslaget kjem på Bygdebladet si nettside fredag 22. mai klokka 11.30.