Erlend Bjelland i gang med innspelinga av musikkvideoen «Vårsut» med og av Anita Helgeland.
Foto: Øystein Simonsen
Erlend Bjelland i gang med innspelinga av musikkvideoen «Vårsut» med og av Anita Helgeland. Foto: Øystein Simonsen

– Ein fantastisk mulegheit

Blirbra-festivalen er i gong og filmskapar Erlend Bjelland får mykje skryt for det første innslaget med MUNOR. I morgon er det Anita Helgeland som slepp til.

Det ligg timevis, ja vekevis med hardt arbeid bak ein musikkvideo. Å dra med seg heile MUNOR rundt i kulturhuset er heller ingen spøk. Difor var det ein godt nøgd Erlend Bjelland som kunne sveipe over tilbakemeldingane på Facebook. Folk likte det dei høyrte og såg. Svært godt faktisk.
– Ja, det var flotte tilbakemeldingar. Men så brukte me mykje tid på akkurat den innspelinga også. Trur eg planla i tre veker før me hadde fire-fem dagar med innspeling. Så kjem tida til klipp og ferdigproduksjon. Eg ville dette skulle bli skikkeleg bra, seier Bjelland.
37-åringen frå Aksdal er ein pirk når det gjeld detaljar. Det har gitt han eit godt filmnamn i Tysvær og på Haugalandet. Akkurat nå er det Blirbra-festivalen som nyt godt av det.
– Eg har fått ein slags prosjektstilling, og må omstille meg til nye prosjekt nesten kvar veke. Det skal bli spennande utover sommaren. Denne veka er det altså ein musikkvideo med songar og komponist Anita Helgeland som er på plakaten. Det var ei kjekk og litt annleis innspeling.

Trur eg planla i tre veker før me hadde fire-fem dagar med innspeling

I bekken
Med Helgeland sin sambuar Helge Martin Framnes som røyksettar, og kulturhusleiar Øystein Simonsen som «alt mogleg mann» var det måndag filming i ein bekk i Aksdal.
– Ho har skrive ein nydeleg song som heiter «Vårsut». Den inspirerte meg og eg fekk lyst til å lage ein skikkeleg vårfilm. Me hadde ein del lokasjonar me testa ut, men enda altså opp i ein bekk. Målet er å gjere noko som passar godt til den fine songen, og som folk vil klikke seg inn på og sjå og høyre fleire gonger. Akkurat nå når me snakkar saman har eg nesten komme i mål. Litt flikking må til og eg har eit par ting eg ønskjer å filme på nytt og legge inn. Pirk, pirk og atter pirk. Eg er knallhard mot meg sjølv og ein tøff kritikar av eige arbeid. Kanskje difor det blir så bra til slutt, ler Bjelland.
– Kor mykje styrer songen, og kor mykje styrer du av innhaldet i ein musikkvideo?
– Det kan nok variere frå song til song, men når eg høyrte denne fekk er raskt ein idé. Nå er det ikkje slik at det alltid blir slik ein tenkjer før ein speler inn ein film, men akkurat denne gongen trefte eg godt.
– Ein musikkvideo er pluss minus tre minuttar. Kor mykje «film» treng du for å lage ein musikkvideo som dette?
– Veit ikkje heilt kor mykje det blei totalt. Litt over 20 minuttar kanskje. Så har eg litt planar. Nei, det var ikkje så gale. Me lukkast godt der me gjekk og vassa i bekken.
– Utan uhell?
– Tja, det var nære på at det gjekk skikkeleg gale. Var såpeglatt der. Hadde ikkje tid til å gjere skikkeleg forarbeid på botntilhøva i bekken. Men me klarte oss godt synest eg.

Fantastisk
Anita Helgeland har ikkje laga musikkvideo tidlegare som soloartist og har vel neppe det ein kan kalle mykje erfaring på den sida av kamera som ho nå blei plassert.
– Det takla ho fint. Det var ein fin setting. Det er ikkje alltid like lett å forstå korleis sluttproduktet blir, men eg trur me trefte godt og hadde ei god stemning på settet. Me brukte ein liten sprayboks med røyk og tok i bruk dei få effektane me hadde med oss. Slik er det, men sluttproduktet kan bli proft for det. Det er jo ein fantastisk moglegheit både for artistane og meg å presentere seg dette, så eg vil det skal vere topp kvalitet, seier Erlend Bjelland.
Kven er så Erlend Bjelland. Det kan han fortelle sjølv.
– Ja, kven er eg. Eg er ein tobarnsfar som bur i Aksdal og er blitt 37 år. I åtte år har eg levd av å skape film, også reklamefilmar. Eg studerte i Bergen og har minner om at eg allereie i 1998 jogga rundt i hagen og laga film om Aksdal og Grinde. Var sikkert dramatiske greier. Ungane er blitt tre og fem år gamle. Kona synest eg kan vere litt for kritisk til mine eigne filmar, men det får gå. Dette er ein unik sjanse, og eg vil takke dei som står bak Blirbra-festivalen. Det er på mange måtar eit unikt prosjekt som skal vise fram mange sjangrar av kulturlivet, og ikkje berre musikk, sjølv om det blir litt slik i starten, avsluttar Erlend Bjelland.
I morgon klokka 11.30 kjem premiera på Anita Helgeland sin song «Vårsut», ein singel som fekk terningkast fem i Bygdebladet då den kom ut for kort tid sidan.
Det kan du få med deg gratis på Tysvær Bygdeblad sine nettsider.