I morgon fredag, inviterer Bjørg Rørtveit og biblioteket til Tysvær-quiz. På vår heimeside.
I morgon fredag, inviterer Bjørg Rørtveit og biblioteket til Tysvær-quiz. På vår heimeside.

BlirBra-festivalen:

– Kor godt kjenner du litteraturen?

Denne veka kan du vere med på quiz i «BlirBra-festivalen». På nett. Me byr på Litteraturquiz.

Fredag må du finne fram mobilen eller datamaskinen og bli med på ein skikkeleg litteratur-quiz. Det er den driftige og oppfinnsame gjengen på biblioteket som står bak det heile.
– Eigentleg er det ikkje me som har funne på dette, men me fann det på nett, gjorde det med ein Tysvær-vri, og er nå klar til å starte opp. Det heile går ut på at me har fått med oss eit knippe lokalkjente personar, som har funne fram til ni stader i kommunen, som ein då skal gjette kor bøkene er. Alle hjelpemiddel er lov, seier Bjørg Rørtveit.
Det betyr ein litt annleis kulturoppleving denne gongen, i serien av innslag frå den digitale festivalen.
– Det er det på mange måtar, men me veit at lokal quiz, eller spørjekonkurransar, er noko folk set pris på, spesielt om sommaren.

Snuttar
– Fortell kort korleis dette fungerer frå i morgon klokka 11.30.
– Då vil ein kunne logge seg inn på Bygdeblad si heimeside og finne ni spørsmål eller ledetrådar. Desse fører fram til ni svar som skal sendast inn, til oss på biblioteket. Me kjem til å trekke ut fleire vinnarar som vil få gåvekort.
– Vanskeleg?
– Tja, litt, men som sagt så kan ein nytte seg av alle hjelpemiddel som er der ute i den store nettverda, og kanskje blant andre ein kjenner.
– Kanskje ikkje vits å ringe biblioteket å spørje etter hjelp?
– Nei, det går ikkje. Ikkje denne gongen, ler Bjørg Rørtveit.

Viktig

Dette er også kulturformidling og Tysvær har mykje å by på. Nokre av svara er slike ein kanskje ikkje kjem på i farten.
– Nå håper me sjølvsagt at folk tar turen til nokre av desse måla i sommar. Eit av dei er ikkje ope for publikum, men historia er spennande. Resten trur eg lett kan besøkast eller i det minste finne meir ut om. Eg trur at lokalhistoriske spørsmål på denne måten er med på å identifisere oss med det som er rundt oss på ein god måte.
Dei som har vore rundt og laga spørsmål er Marit Lothe, Ingvar Frøyland, Hartvig Waage og sjølvsagt Bjørg Rørtveit.
– Lett å finne plasser å lage spørsmål om?
– Ja, det gjekk bra. Er utruleg mykje når ein set seg ned og leitar. Kanskje dette er mest for dei vaksne, men me veit at barn og ungdom er flinke å leite etter svar på nett.

Stille

Tradisjonelt så skal det vere stille på biblioteket, men ikkje i Aksdal. Der skal det vere liv og røre. Boklån, temakveldar, konsertar og anna moro.
– I år har det sjølvsagt vore stille. Me har hatt stengt, og sjølv om me har opna litt nå er det langt igjen til der det bruker å vere. Men til hausten håper me på litt meir aktivitet, og me er godt i gang med å planlegge. Mellom anna gleder me oss sjølvsagt til bLEST. Litteraturfestivalen er forresten ein viktig bidragsytar til denne quizen, som også folk utanfor Tysvær kan vere med på. Som for biblioteket er den for alle, seier Rørtveit.