Anders Netland blei vist rundt av guide Maryon Østhus frå Haugaland museet.
Anders Netland blei vist rundt av guide Maryon Østhus frå Haugaland museet.

«BlirBra-festivalen»:

Perfekt i sol og regn

Arquebus krigshistoriske museum i Førre er godt kjent. Men få har fått kikka i kulissane. Ikkje før nå.

Fredag denne veka kjem me litt tettare på samlinga som så mange har sett, og dermed fått eit innblikk i det som skjedde på Haugalandet under krigen. På våre nettsider kan du få med deg eit nytt innslag i «BliBra-festivalen».
Guide Maryon Østhus ved Haugaland museet inviterte kultursjefen til ein runde, og letta litt på gardina, og viste også fram litt av det vanlige gjester ikkje får sjå.
– Eg er imponert over det museet har fått til, det dei har samla inn, og stilt ut. Dette er stort sett gjort på dugnad og det osar av kvalitet og entusiasme i det som er her. I vår rekkje av digitale innslag i «BlirBra-festivalen» er eg glad for å kunne presentere Arquebus krigshistoriske museum, seier kultursjef Anders Netland.
Netland meiner museet si utstilling passar godt gjennom heile sommaren og er lagt til rette for både liten og stor. Skuleklassar har allereie vore innom, og i år når turistbussane står parkert, er det kanskje ekstra god plass til å kikke på korleis kvardagen var under krigen.

Jubileum
I år er det 75 år sidan krigen var slutt. Ein tur hit er eit fint minne om kor viktig fred er. Dette er bygd på entusiasme frå dei som står bak, og det er lett å finne fram i utstillingane.
– Det som var ekstra kjekt, og som me viser i filminnslaget, er det som skjer i kulissane. Der ein mekkar på gamle bilar og våpen. Der magien skjer om du spør meg. Å få vise fram noko av dette gir eit bilete av korleis ein samlar inn til eit museum. Der var det mykje som ikkje er vist tidlegare. I tillegg er det stadig nyrestaurerte gjenstandar som blir tatt inn i den opne utstillinga. Så om ein har vore der før, ja så kan eg garantere at det er mykje nytt. Det er utruleg med detaljar, og det er sterke lokale historier som blir fortalt, seier Netland.
Arquebus har sjølvsagt merka koronatida dei også, men nå opnar dei meir og meir.
– Det fine med slike museum er at det er perfekt uansett kva vêr ein har. Det er svalt på varme dagar og tørt når det regnar. Me håper mane klikkar seg inn på filmen vår og blir inspirert til å ta seg ein tur. Det er lett å finne fram til Arquebus som er skilta frå hovudvegen, og det er god parkeringsplass, avsluttar Ander Netland.