Filmskaper Erlend Bjelland og Øystein Simonsen, som hadde ein idé om opera på Meny.
Foto: BlirBra-festivalen
Filmskaper Erlend Bjelland og Øystein Simonsen, som hadde ein idé om opera på Meny. Foto: BlirBra-festivalen

«BlirBra-festivalen»: – Fantastiske folk å jobbe med

I vår digitale «BliBra-festival» serverer me i morgon bokstavelegtalt opera frå ferskvaredisken.

– Eg legg akkurat nå siste hand på filmen og dette blei både kjekt, morosamt og bra. Me har spelt inn ein «Blirbra» musikkvideo med Ole Morten Velde og Siri Kval Ødegård. Kulissane er ferskvaredisken på Meny i Aksdal Senter, seier produsent Erlend Bjelland.
Det var kulturhusleiar Øystein Simonsen som kom opp med det som var ein litt sprø idé.
– Kva med å invitere to av våre fremste operasongarar til å synge frå «La Bohem» i ferksvareavdelinga i butikken?
– Og som tenkt så gjort. Dei er utruleg gode til å synge, det visste me. Men dei er også utruleg dyktige skodespelerar, så dette blei heilt supert. Eg gleder meg skikkeleg til å vise fram denne filmen frå i morgon av.

Dei er utruleg gode til å synge, det visste me

.

Drama
– Fortel litt om dramaet i stykket dei syng. For det er vel drama?
– Ha, ha. Ja, det er kanskje det i opera. Siri jobbar i ferskvaredisken når Ole Morten kjem syngande inn og treff på henne. Korleis det går får ein vente med å sjå. Det som gjer dette litt ekstra stileg er at folk som var og handla samstundes i butikken er ein naturleg del av kulissane. Og eg må få skryte av dei som jobbar på Meny. Snakk om å få ja til alt me spurte om. Det gjer at sluttproduktet blei bra, og noko eg trur folk kjem til å like. Uansett kva musikksmak dei har, seier Bjelland.

Travelt
Med Ole Morten Velde og Siri Kval Ødegård i boks går Bjelland nå laus på Roger Hemnes og Tysvær Blandakor som dukkar opp med ein skikkeleg godbit neste fredag. 17. juli rundar me av før ferien med «The Kvednabekkjers» og ein fantastisk nyinnspelt video på songen «Klogger».
– I tillegg til dette jobbar me med eit par andre innslag som skal komme i august. Me held fram med å servere digitalt heilt fram til 1. september. Men i morgon blir det litt annleis. Då snakkar me ekte ferskvare, ler Erlend Bjelland.