Gjer ikkje som Haugesund og Karmøy – førebels

Haugesund og Karmøy sender sine tilsette som har vore i utlandet i dirlekte karantene. Det gjer ein ikkje i Tysvær.

– Nei, det gjer me førebels ikkje. Me gjer ei vurdering av dette nå. Me gjer ei kartlegging nå i første omgang om me har tilsette som har vore på ferie utanom Norden. Elles følgjer me FHI sine anbefalingar om testing før dei startar på jobb, seier fungerande rådmann Kristin Helle.

Samstundes meldast det om nye smitta i både Haugesund og Sveio. I Tysvær er det ikkje registrert nye smittetilfelle, den siste veka.