The Kvednabekkjers med Kjetil Østebøvik og Wolfgang B. Ognøy i spissen lovar ein knakande god livesending frå Bokn Arena laurdag. Ørjan Østebøvik infelt skal klippe sau i 24 timer i strekk.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
The Kvednabekkjers med Kjetil Østebøvik og Wolfgang B. Ognøy i spissen lovar ein knakande god livesending frå Bokn Arena laurdag. Ørjan Østebøvik infelt skal klippe sau i 24 timer i strekk. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Speler opp for ei god sak

Laurdag møtest ein «kremgjeng» av lokale band og musikarar til dugnad i Bokn Arena. Dei vil vise si støtte til Elisabeth og Ørjan.

Mange har fått med seg historia til Elisabeth Innvær og Ørjan Østebøvik. Dei mista sonen sin i det som blir kalla uventa barnedød. I år jobbar dei for å samle inn mest mulig pengar til Landsforeningen for uventa barnedød (LUB), og dei gjer det på ein litt spesiell måte.
Dei har nemleg starta det som skal bli Klippemaraton 2020. Den 5. og 6. september skal Ørjan klippe sauer i drygt 24 timar. Målet er 1080 sau på anlegget til Fatland i Ølen.
– Det er heilt fantastisk det dei to har klart å få til, både av fokus på dette med barn som døyr, men også korleis ein kan støtte denne foreininga. Det er så bra at eg også måtte tenke litt kreativt. Saman med min kollega Wolfgang (B. Ognøy) kom ideen om ein støttekonsert opp. Og responsen frå andre band og artistar har vore heilt utruleg. Sju band og artistar skal spele på laurdag, seier Kjetil Østebøvik.

FEKK DU MED DEG DENNE: https://tysver-bygdeblad.no/2020/07/16/klippemaraton-til-inntekt-for-uventet-barnedod/

Gi så det svir
Han er sjølv vokalist i The Kvednabekkjers, som sjølvsagt blir å sjå på heimebane. Med god hjelp av bandkollega Ognøy og hans verksemd Kystvind, og selskapet TM Produksjon kan alle få med seg konserten.
– På grunn av koronaen så kan me ikkje ha publikum i hallen. Men me skal streame alt saman live frå klokka 17.30. Det er berre å klikke seg inn via ordet klippemaraton eller eit av bandnamna så er ein der. Og for dei som vil støtte det gode prosjektet, vil det dukke opp både vipps og kontonummer. Det er ein utruleg respons allereie lenge før Ørjan startar å klippe, og me spele, seier Kjetil.
Og lineupen er svært så interessant. The Kvednabekkjers, Levang, med yngstebror Øyvind Østebøvik på vokal, Pakkers, Helge Toft, FYK, Lystgass og Glennen.
– Reine festivalplakaten dette?
– Heilt sant. Nesten så ein blir litt mållaus når ein ser kor mange som vil vere med. Enkelte musikarar kjem langvegs frå berre for å stille opp. Dette varmar oss alle. Nokre av banda kjem nok til å spele «best of», medan me har tenkt å presentere både gamle og nye låtar. Me kjem med ei plate seinare i haust, og må ha med noko derfrå.

Nesten så ein blir litt mållaus når ein ser kor mange som vil vere med

Målet
Klippemaraton i Ølen er eit sprøtt påfunn, for Ørjan må verkeleg stå på for å sikre seg rekorden.
– Eg trur uansett at alle er vinnerar her, for den entusiasmen som har vore må vere ei utruleg støtte til heile familien. At me som driv med musikk kan vere med å bidra, synest eg er topp. Har ikkje fått snakka med yngstebror endå, men eg reknar med at det er likt for dei. Dette er noko me gir alt for skal bli vellukka. Mange av oss som skal på scenen er i same aldersgruppe, og dette med barn og brå død, er noko som me fryktar alle mann. Eg er stolt over at så mange har sagt ja, og eg er sikker på at det hadde vore fleire som hadde stilt opp. Heldigvis at verda teknisk har komme så langt at me kan sende dette live heim til alle som vil vere med. Så får me håpe at alle Altibox-problema sist helg nå er historie. Dette blir heilt fantastisk, og målet er at denne støttegruppa sopar inn mykje pengar, avslutter Kjetil Østebøvik.

Her kan du se konserten og støtte den gode saka: https://www.facebook.com/Klippemaraton-2020-innsamling-til-Landforeningen-uventet-barned%C3%B8d-100752568346308

Konsert

Lineup i Bokn Arena lørdag
17.30 Glennnen
18.00 Levang
19.00 Pakkers
19.45 Toft
20.15 Lystgass
21.15 Kvednabekkjers
22.15 FYK

Glenn Rand