Slik såg det ut på scena i kulturhuset i fjor då Trond Omnes fekk sin fortente pris av redaktør Alf-Einar Kvalavåg og ordførar Sigmund Lier.
Foto: Brit Iren Meland
Slik såg det ut på scena i kulturhuset i fjor då Trond Omnes fekk sin fortente pris av redaktør Alf-Einar Kvalavåg og ordførar Sigmund Lier. Foto: Brit Iren Meland

To flotte vinnarar i 2018 og 2019: – Har du kandidatar?

Frivilligprisen for 2020 skal delast ut i januar. Mange gode tips er allereie komme inn, men er det nokon me har glømt?

Tysvær kommune og Tysvær Bygdeblad gir saman ut «Frivilligprisen i Tysvær» kvart år. Tove Høgemark fekk den aller første prisen i 2018 for sin innsats som frivillig i LHL. Trond Omnes blei heidra i fjor for sin formidable innsats med tilrettelegging av turvegar på Nedstrand.
– Me har hatt to gode namn dei to første åra, og nå er me på jakt etter årets vinnar, eller vinnarar. Me har kandidatar på bordet som var tett på å vinne i fjor, samt svært gode namn som har dukka opp gjennom dette litt spesielle året. Men dette er ein pris der me gjerne tar imot kandidatar. Korleis ein kan tipse oss står i ei annonse i denne vekas Bygdeblad. Så kom igjen folkens – gi oss din kvardagshelt, seier ordførar Sigmund Lier.

Mange
Frivilligheita er stor i Tysvær, og det er som ein sa til oss i fjor; kandidatar i kvar ei bygd og kvar ei gate. Og det veit me at det er.
– Det ser me på all aktiviteten som blir skap i kommunen. Sjølv i 2020 med koronatiltak og nedstengingar har me dei frivillige som har stått på, kanskje meir enn nokon gong for at alle me andre skal ha gode tilbod. Det kan vere for eldre, for vaksne og for barn og unge. Det kan vere innan friluftsliv og det kan vere innan noko så enkelt, men likevel viktig som besøkstenester. Dei som er frivillige og som brenn for noko, dei har ingen grenser eller tersklar. Dei trør til der det er behov. Dei skal hyllast, seier Lier.
Kultursjef Anders Netland er saman med redaktøren i Bygdebladet resten av juryen. Han forklarer litt av reglane som me har sett.
– I utgangspunktet er me ikkje på jakt etter personar som har løn for å skape aktivitet, eller å legge til rette for frivillig arbeid. Men der kan det vere gråsoner, så me tar gjerne imot tips me kan sjekke ut. Ein frivillig, enten som enkeltperson eller som ei gruppe kan få, eller ha fått, støtte frå det offentlege. Det kan også nominerast personar som har vore aktive lenge, eller som nettopp har begynt, og som innbyggarane meiner fortener drahjelp for å komme skikkeleg i gang. Det som er viktigast for oss er at me får ein oversikt over namn, slik at me ikkje «gløymer» opplagte kandidatar som må vurderast, seier Netland.

– Viktig
Tysvær Bygdeblad har sjølvsagt intervjua dei tidlegare vinnerane, og ikkje uventa var dei forsiktige med å framheve seg sjølv. Men ein ting var dei heilt einige i.
– Det er viktig at dei som driv med frivillig arbeid blir sett. For det frivillige er med å lagar ein grunnmur som gjer at folk har det godt og trivst der dei bur. Me får mykje igjen for å vere frivillige, og det er noko me anbefaler alle å vere med på, sa dei to vinnerane etter å ha mottatt prisen, som er eit flott kunstverk.
– Og der er me inne på noko av kjernen i det frivillige. Dei framhevar aldri seg sjølv, og difor er det viktig at me får inn tips, gjerne med ei lita historie. Så skal me gjere ein god jobb med å plukke ut den beste kandidaten akkurat nå, seier Sigmund Lier.
– Korleis blir det med nyttårsmottakinga i år?
– Me har bestemt oss for ei anna løysing enn det som me har hatt tidlegare. Me vil at så mange som mogleg skal kunne få vere med. Difor jobbar me med eit alternativ som eg håper å presentere om kort tid. Men nyttårsmottaking i januar blir det, med frivilligprisen som eit av høgdepunkta, seier Lier.
– Sjekk ut annonsa i dagens avis og kom med gode kandidatar så raskt som muleg. Me gleder oss til å starte juryarbeidet, avsluttar kultursjef Anders Netland.