Ring Van Möbius
«The 3rd Majesty»
Ring Van Möbius «The 3rd Majesty»

Ring Van Möbius: Ein herleg orgel-orgie

Ring Van Möbius med «vår» mann Håvard Rasmussen på bass er ute med ny plate. Det er heftige saker.

Håvard Rasmussen er for tysværbuen best kjent for sin strålande jobb som lydteknikar i Tysværtunet. Når han har fri går det med mykje tid til bandet Ring Van Möbius. Og resultatet er nå ute, og albumet «The 3rd Majesty» er tatt i mot med opne armar.
Og det er ikkje rart, for det er stadig mange der ute som likar progrock, gjerne innspelt analogt og på klassiske instrument som trommer, bass og ikkje minst orgel og synthesizer.

Thor Erik Helgesen speler på tangentar, syng og blir med det frontfiguren i bandet. Og det er mykje Helgesen på dette tredje albumet, kor spesielt orgelet får kjørt seg. Det er heilt på grensa «heseblesande» innimellom, men rått, tøft og ei musikalsk oppleving å lytte til. Samstundes er dette musikk ein må vere litt motivert for å sette på, og ikkje minst skru opp lyden på.
Det går unna i svingane, for å seie det slik. Men det er kvalitet, og det er gjennomført. Ikkje minst på dei låtane som har vokal, som verkeleg får ein til å drøyme seg tilbake til bilete av røykfylte prog-konsertar på -70-talet.

Dag Olav Husås gjer ein stor jobb bak trommene og er med på å drive lokomotivet Ring Van Möbius gjennom plata, som har eit langt temanummer og tre enkelsongar. Ein liten observasjon som viser at denne plata også er på LP, er at det på CD-en som meldar fekk, er albumet ført opp med både side A og B.

Og det er nok på LP-formatet at dette bli komplett for bandet som flørtar med musikk i frå fleire prog-retningar. Dei slår bokstaveleg talt i alle retningar i lydbilete, noko som gjer at dei klarer å skilje seg ut.

Rasmussen imponerer på låta «The Möbius Ring» med solid bass-spel på det som for meg er den beste låta på plata. Den gir eit godt bilete på dette livebandet, som også gjer ein strålande jobb i studio. Og denne plata er nok ein draum å ta med seg ut på livespelingar.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

Terningkast 5

Ring Van Möbius
«The 3rd Majesty»
Thor Erik Helgesen, Dag Olav Husås og Håvard Rasmussen
Fire låter
Apollon Records
2020