PRESSEMELDING:
Hausten 2020 har Tysvær bibliotek og Høgskulen på Vestlandet saman drive prosjektet Lærerik Laurdag, -der forskarar eller andre knytta til høgskulen tilbyr foredrag med høg kvalitet om aktuelle tema. Fagpersonar deler sin kunnskap ut til «folk flest», og ofte blir det dialog og debatt i etterkant,- noko som forsterkar utbyttet.
Tanken bak er at kunnskapen ikkje skal gøymast vekk i lukka auditorium, men nå ut til alle. Dette er eit samfunnsoppdrag for både forskarar og bibliotek.
Me ynskjer fokus på aktuelle tema, og å auke interessen for kunnskap basert på forskning. Me ynskjer også å gje ei oppleving av at det er fint å vere saman med andre og lære noko nytt, både gjennom foredrag og ordskifte.
Erfaringane så langt har vore positive, og samarbeidet fortset med ny giv utover våren,- Susanne Osland (HVL) og Bjørg Rørtveit (Tysvær bibliotek) har som mål å gjere dette til eit permanent tilbod for innbyggarane i Tysvær og på Haugalandet.
Tilbodet er kome i stand etter modell frå fleire andre universitet og høgskular rundt om i landet. Når ein har så mange dyktige fagpersonar i sitt eige nærområde,-er det ein ressurs me syns det er viktig at felleskapet kan nytte seg av
Og kunnskapen er som kjent lett å bære.