Artisten Anita Helgeland er endeleg klar til å sleppe ny musikk. Med seg på laget har ho mellom andre Knut Reiersrud.
Foto: Helge Martin Framnes
Artisten Anita Helgeland er endeleg klar til å sleppe ny musikk. Med seg på laget har ho mellom andre Knut Reiersrud. Foto: Helge Martin Framnes

Anita Helgeland klar med ny musikk: Ikkje stille lengre

Artisten Anita Helgeland er endeleg klar til å sleppe ny musikk. Med seg på laget har ho mellom andre Knut Reiersrud. Slikt blir det spennande musikk av.

Songen «Kor stille» kjem den 12. februar, og med Reiersrud på gitarar er det ein litt ny, men likevel så godt kjend Helgeland me høyrer.
– Dette er ein song om å bli sett når og slik ein helst ikkje vil. Tonane er blå og spring ut av eit djup. Men ennå held håpet hus. Ennå finst ein mjuk famn som «bere ved te bålet i di sjel», seier Helgeland om singelen som snart er ute digitalt.
– Fortel litt om linken til Reiersrud?
– Eg har alltid vore fan av han og har hatt lyst til å gjere noko saman med han. Eg tenkte kanskje at det var litt rart å spørje, men sambuaren min, Helge Martin Framnes, meinte eg berre skulle kjøre på, og slik blei det. Han fekk ei råfil der eg berre song, og han likte det han høyrde. Så tok han kontakt og lurte på om han kunne få legge på litt gitar. Og plutseleg var me i studio i Oslo. Tenk deg da, på gitar og bass bidrar ein levande legende – Knut Reiersrud, gliser Anita Helgeland.

Har lyst
Anita Helgeland har ni songar liggande klar i skuffa. Songar som berre ventar på å bli slopne fri. Reiersrud er med på ein til av dei, medan Nils Økland er med på eit par av dei andre.
– Det står dessverre på pengane, så er det nokon som har eit fond der ute som vil støtte ei plateutgiving, så kom igjen. Songane er klare. Eg vil helst gi ut eit fysisk album, men eg manglar nok omlag 50.000. Uansett så kjem det digitalt. Kva dato det blir får me komme tilbake til. Eg har søkt på ein del midlar, men har ikkje heilt fått svar.
– Kva tenkjer du om å gi ut plate i desse tidene med koronatiltak og stengde scenar?
– Det er spesielt, mest fordi det er nedtrykka stemning i bransjen. Eg har vore heldig og fått spelt inn mykje heime på loftet, og gjennom digitalt samarbeid med dyktige folk. Men det er ikkje lett for nokon om dagen, seier Helgeland.


Songen «Kor stille» er umiskjenneleg Helgeland slik me har høyrt og likt henne mange gonger før. Det er litt Okersol over det, samstundes som ho og Reiersrud har klart å lage ein ny vri på det heile. Litt meir akustisk og litt meir i bluesgata er det, men likevel. Dette er Anita Helgeland på sitt beste, slik me hadde forhåpningar til.
Bygdebladet har vore så heldige å få høyre låta også i fleire tidlegare tappingar og kan slå fast at låta har vakse.
– Men tekstar betyr mykje for deg. Korleis har du utvikla dei?
– I denne songen så gir eg ein del av meg sjølv. Dei som kjenner meg godt veit at eg har mine helseutfordringar. Slik er det berre, men det å kunne snakke om det er viktig. Eg er sjølv psykolog og ser vel dette frå begge sider. Men eg er komfortabel med å by litt på meg sjølv. Kanskje er det også noko å hente for andre i denne teksten. Tekstane mine er viktige, og difor vil eg helst gi ut musikken med tekstar på trykk, så folk kan følge med og lese teksten undervegs.

Todelt
Singelen som altså kjem midt i februar har mykje med seg. Teksten er sterk, melodien perfekt følgesvein og Reiersrud på gitar er leiken og løftar det heile. Bak trommesettet tilfører Thomas Gallatin rytmisk raffinement. Songen er stramt arrangert, og skaper store forventningar til eit heilt album. Kunstnaren Liv Sørvaag har skapt covermotivet, og Janne Irene Eide har hjelpt til med det grafiske uttrykket på coveret. Totalinntrykket er nært, reint og ærleg, noko som kler artisten frå Høie. Det me har høyrt av andre låter frå den kommande plata lover godt. Måtte berre finansieringa komme på plass, slik at me får eit handfast produkt i løpet av våren eller sommaren.
«Kor stille» er eit stille rop om at noko stort er på gong.

Ny singel

Terningkast 5

«Kor stille»
Singel
Anita Helgeland
Tekst/melodi/vokal: Anita Helgeland
Gitar/bass: Knut Reiersrud
Trommer: Thomas Gallatin
Mix: Kjetil Ulland, ABC Studio Etne
Arrangement: Anita Helgeland og Knut Reiersrud
Master: Björn Engelmann, Cuttingroom Stockholm
Label: ABC Tunes