Abrahams barn av og med Svein Tindberg er på veg til Tysvær. Foto: Riksteateret
Abrahams barn av og med Svein Tindberg er på veg til Tysvær. Foto: Riksteateret

Svein Tindberg: – Skal bli godt å komme til Tysværtunet

Abrahams barn av og med Svein Tindberg er på veg til Tysvær. Mange fekk med seg Tindberg sist han gjesta Tysvær, og torsdag kan ein få eit nytt nært og fint møte.

– Kjekt å få ein telefon frå Tysvær i desse tider. Akkurat nå er eg på veg til eit kulturhus i Asker, men til uka er eg på veg til Tysvær. Der har eg faktisk mange gode minner og det er ei framsyning eg ser fram til. Dette skulle berre vere nokre framsyningar på Scene 3, men så har det tatt heilt av og nå er vel inne i sesong ti, og har runda 300 framsyningar. Og det er like kjekt kvar gong, fortel Svein Tindberg.
I Abrahams barn framhevar Tindberg dei verdiane som femnar om og sameiner alle truande i dei tre store verdsreligionane – jødedommen, islam og kristendommen. Tida er ikkje over for å finne saman i interessa for kulturkonfliktar, parallellar, for dei lange tankerekkjene og for ei innføring i religionar vi kanskje ikkje visste hadde så mykje til felles. Svein Tindbergs fortellarkunst har gitt meir enn 90.000 publikummarar gleda over å finne eit fellesskap i ei verd der polariseringa mellom religionane blir stadig sterkare.

Det er like kjekt kvar gong

Personleg
Dette er ikkje referat frå nokre bøker eller ei historieforteljing ein finn ein eller anna stad. Dette er ei personleg betraktning, personlege opplevingar pakka inn med både skjemt og alvor. Mine besøk i Jerusalem opna mine auge. Eg trudde eg kunne alt og visste alt, men du verda der tok eg feil. Legg til at eg blei lurt eit par gonger i klassiske turistfeller, ja så skjønar ein at det også er ein del morosame hendingar å trekke inn i det historiske bilete, seier Tindberg.
– Like aktuelt dette, som då du begynte å reise rundt?
– Ja, og det er både godt og trist. Historia om jødar, kristne og muslimar er noko mykje meir. Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre. Å gjere dette til noko personleg, som eg kan formidle har gitt meg mykje, men også publikum. Det har vore gode tilbakemeldingar så langt. Dessverre så har ikkje verda endra seg mykje, og mykje av det eg hadde håpa skulle vore utdatert etter desse åra, er det dessverre ikkje.
Tindberg håper å treffe igjen mange av dei som var i kulturhuset sist. Og at han klarer å inspirere slik som sist.
– Mi oppgåve er å fortelje ei god historie, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?

Korona
– Det må vere lov å spørje litt om koronasituasjonen?
– Heilt klart. Det har vore tungt og vanskeleg. Ingenting kjem av seg sjølv. Eg var sjølv smitta i fjor og veit kva det vil seie. Nå ser eg at kulturhusa ventar spent og gler seg. Publikum vil at noko skal skje og kjem på førestillingane. Men samstundes veit eg at folk er litt redde. Eg stolar på at arrangørane har kontroll og legg til rette for ei trygg, og hyggeleg oppleving. Eg skal garantert gjere mitt, avsluttar ein travel Svein Tindberg.
Det er framleis ledige billettar til framsyninga i Tysværtunet.