Grethe Vangsnes og Anne Marthe Widvey testar ut autofokus på mobiltelefonane sine. Små tips kan gjere stor skilnad på eit bilete.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Grethe Vangsnes og Anne Marthe Widvey testar ut autofokus på mobiltelefonane sine. Små tips kan gjere stor skilnad på eit bilete. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Grethe og Anne Marthe utfordrar deg: Glad i å ta bilete?

Røde Kors har eit prosjekt som heiter Seniorheltane. Nå skal dei på jakt etter gode motiv.

Denne vinteren har vist at svært mange har med seg kamera eller ein mobiltelefon på sine daglege turar. Eller finn den raskt fram når soloppgangen er ekstra raud eller fin. Fotografering er blitt noko alle driv med. Men det er av og til litt vanskeleg å få bilete til å bli akkurat slik ein vil.
– Det vil me gjere noko med. Saman med fotograf Anne Marthe Widvey vil me gjennom fire temaveker utfordre dei som likar å ta bilete om å møte opp og lære litt meir, og ikkje minst knipse i veg. Dette er spesielt retta mot kommunen sine seniorar, men du vel sjølv kva tid du er «vaksen» nok til å vere i den gruppa, smiler Grethe Vangsnes i Røde Kors.
Ho vil at folk skal komme seg ut, ta bilete og gjere noko kjekt i saman.
– Dette skal vere eit bredt tilbod der ein kan velje om ein vil møte opp og gå ein tur saman med andre, eller om ein vil ta bilete aleine. Det er ingen krav til kvalifikasjonar eller utstyr. Anne Marthe vil komme med tips og tilbakemeldingar både i Bygdebladet og på nettsider som dei som deltar vil få tilgang til. Me vil også premiere ein del av dei som sender inn til oss. Dette skal vere ei blanding av å vere sosial, lære seg nokon knep, og ikkje minst ta betre bileter neste gong det dukkar opp eit flott motiv, seier Vangsnes.

Godt lys
Tysdag møtes ein for første gong, og ikkje tilfeldig er det på Lars Hertervigsplass midt i Aksdal. Da skal ein ta bilete av offentlege bygg. Fotograf Widvey sit heime og ventar spent på resultata og har gode råd å gi på vegen.
– Kan det vere så vanskeleg, Widvey?
– Ingenting er vanskeleg, men det er så mange forskjellige måtar å ta eit bilete på. Det ønsker eg å fortelle dei om. Det første tipset er sjølvsagt å sjekke om det er godt lys der ein står. Eit bygg kan vere forskjellig med tanke kva tid på døgnet ein tar bilete. Når alle denne gangen møtes er det forhåpentlegvis eit fint ettermiddagslys, og så blir det sakte mørkare. Eit anna tips er å bruke fleire stillingar. Vanlegvis står ein rett opp og ned. Kvifor ikkje prøve seg på kne, eller liggande om det går. Det er ein spennande effekt, seier fotografen.
Ho fortel vidare om å utnytte dei mulegheitene som er på kamera.
– Det er alltid ein autofunksjon som stiller skarpt for deg. Bruk den og sjekk om bilete blei skarpt. Ingenting er meir keisamt enn å komme heim og sjå flotte bilete vere uskarpe. Så er det viktig at ein ser om det er «rot» på bilete. Ting som står eller ligg slengt på bakken framføre bygget for eksempel. Skal ein ta bilete av folk bør ein spørje om lov. Personvern er sterkt i Norge, og det skal ein ha respekt for. Dette gjeld spesielt om ein tar bilete av ungar, seier Widvey.

Grethe Vangsnes og Anne Marthe Widvey håper mange blir med og tar bilete.



Tysvær

Tysvær kommune er også med i prosjektet og vil kunne bruke nokon av bileta i si marknadsføring av kommunen.
– Men er det reglar for kva som er rett og gale?
– Det er det nok, men me skal ikkje inn i den debatten. Eit av måla mine er at dei som kjem, skal vere kreative saman og fortelle noko om og med bileta sine. Me skal seinare i dette fire veker lange prosjektet også ta bilete av natur og folk. Vêret er også noko me vil ha som tema, for me veit at det er noko folk ofte tar bilete av. Nå håper eg mange kjem på tysdag og får med seg gode tips på vegen. Etterpå må dei sende inn bilete til meg, slik at me kan få ein skikkeleg fotomånad i Tysvær. Det hadde vore stas. Mange av bileta vil bli å finne på Bygdebladet si nettside, der det også vil komme oppdateringar og tips om prosjektet. Me gleder oss, seier Anne Marthe Widvey.
– Me håper at entusiasmen til Anne Marthe smittar over på mange. Dette skal vere eit positiv prosjekt for å få folk ut. Slik at ei kan treffe andre, snakke saman, og ikkje minst kose seg med kamera. Me har lagt ut all fakta om dette prosjektet på kunngjeringssidene til Bygdebladet denne veka. Sjekk annonse der for korleis ein skal gjere dette. Det blir også gitt vegleiing på tysdag. Me er glad for at Anne Marthe, Bygdebladet og Tysvær kommune sporty stiller opp på dette prosjektet. Seniorheltane er finansiert av Helsedirektoratet og dette er siste aktivitet i prosjektet.
I ei tid med mange triste nyhende håper me dette kan vere eit lyspunkt for mange, avsluttar Grethe Vangsnes i Røde Kors.