Leiar Åse-Berit Apeland Rolland ynskte velkommen
Leiar Åse-Berit Apeland Rolland ynskte velkommen.

Senterpartiet har auke

Senterpartiet Tysvær halde årsmøte via nettmøte, på Teams torsdag 25. februar. 19 medlemmer deltok, der nokre var samla 2 og 3 ved ein pc.
Tidlegare skulle SP halde lokale årsmøte innan 15. november. Dette vart endra sentralt våren 2020, og skal nå haldast innan utgangen av januar. Grunna pandemien vart fristen utsett ein månad.
Leiar Åse-Berit Apeland Rolland ynskte velkommen, til eit annleis møte. Alle skulle me ynskt det var råd og halde fysisk møte. Slik me har det nå, i Tysvær og ellers på Haugalandet og rundt i landet vart dette beste måten. Trass i pandemitider, har Senterpartiet òg lokalt hatt ein gledeleg auke av medlemmer. Leiar og to styremedlem står ikkje på val dette året. Kasserar Ole Andreas Stakkestad vart takka for god deltaking i styret, gjennom mange år.
Varaordførar Sven Ivar Dybdal og gruppeleiar Per Johan Lyse informerte om viktige saker. Møtedeltakerane, dei som vart utfordra, og andre tok ordet. Det vart eit ryddig og godt møte, ut frå gitte rammer.

Styre for 2021
Leiar: Åse-Berit Apeland Rolland
Nestleiar: Jan Egil Austerheim, gjenvalt, 2 år.
Kasserar: Bernt Henry Apeland, nyvalt, 2 år.
Styremedlem: Roger Eskevik og Anne Birgitte R. Nordgård
1. varamedl: Åsmund Kringeland (1år)
2. varamedl: Carine Aas (1år)
3. varamedl: Rune Andre Eikeskog (1år)
Kontakt Senterkvinnene: Merita Øvrebø (1år)

Venleg helsing
Åse-Berit Apeland Rolland
Leiar Senterpartiet Tysvæ
r