Redaktør Alf-Einar Kvalavåg viser stolt fram den nye app-versjonen av Tysvær Bygdeblad. 
Foto: Mona Terjesen
Redaktør Alf-Einar Kvalavåg viser stolt fram den nye app-versjonen av Tysvær Bygdeblad. Foto: Mona Terjesen

Last ned gratis: No får du Tysvær Bygdeblad på app

Lokalavisa fortset den digitale satsinga. No er appversjonen av Tysvær Bygdeblad si nettavis klar for bruk.

Det er berre å finne fram telefonen og laste ned appen gratis. Då får du ein mobilskjermtilpassa versjon av nettavisa.
– Denne løysninga har vore ønska lenge. Både av lesarane og oss. Å gå via ein nettlesar for å få med seg nyhende, sport og kultur har vore tungvindt. Det er heller ikkje lett å lese, sidan skjermen ikkje er tilpassa eit så lite format. Folk vil ha det enkelt, og me er nøgde med korleis appen ser ut. Den er oversiktleg og enkel å manøvrere, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg.

Levande media
Tysvær Bygdeblad har framleis ei trufast lesarskare på papir, men ein ser at brukarane i stadig større grad nyttar seg av ulike plattformar. Noko les dei i papir, noko på data, noko på nettbrett og noko på mobil. Det gjeld å tekkast alle.
– Alt blir stadig meir digitalisert og det gjeld å henge med. Me starta med nettavis, så fekk me ei løysning med heile papiravisa også på nett, kor ein kan søke seg fram til det ein ønsker å lese via ein søkemotor. Me har også byrja å legge til rette for meir levande bilde. Me filmar meir sjølve og deler fleire innsendte videoar, seier Kvalavåg og ramsar opp eksempel som lokalval, Nærmiljøkampanjen, Blir bra-festivalen og nyttårsmottakinga.

Tidenes nett-år
I prosessen med å bli stadig meir digital, var det altså appen som mangla, og no er også den på plass. Kanskje ekstra etterlengta i denne tida.
– Mange er meir heime og følgjer meir med på digitale plattformar. Det er fleire som har nemnt at dei sakna ein app-versjon. Godt å få det på plass, nikkar redaktøren, og fortel at 2020 – og byrjinga på 2021 har vore eit annleis år for lokalavisa, med kanskje ikkje så overraskande; rekordmange treff.
– I tider som dette er media utruleg viktig. Me satsar på nett, og hadde vårt beste år i 2020. I løpet av eit døgn hadde me over 25.000 treff. Mars og april i fjor blei dei beste månadane våre nokosinne. Til og med betre enn under lokalvalet, seier han, og avsluttar med å minne folk på at trass i at ein får stadig meir stoff på nettet, så er Tysvær Bygdeblad framleis hovudsakeleg ei papiravis, der ein får alle langlessakene, samt mange eksklusive saker som ein ikkje får på nett.