Liten og stor møtte opp for å høre «Muddy Young».
«Muddy Young» Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Muddy Young: Svoltne på betre tider

Joe Eriksen og Jarle Hundsnes står på og er ute med det som fort kan bli ein fin sommarhit.

Muddy Young er svoltne, og etter å ha utgitt to EP-ar og fleire singlar, er det nå klart for første utgiving hos MTG Music. «Believe in» er ei feelgood låt som drar deg med inn i ei verd der komfortabel rock og gode rytmar rår.
Slik presenterer dei singelen «Believe in» sjølv, og det er lett å skjøna kva dei vil fram til. Det er litt flørt i fleire retningar dette, men først og fremst ei herleg poplåt. Og det aller kjekkaste sett frå ein lokal ståstad, er at det ein singel som kler dei to karane med adresse i Oslo godt.
Det er fengande og lett, og ein song som lett kan gå på fullt trøkk igjen og igjen.

Likevel er det ei tøff gate karane nå har lagt ut på musikalsk. Skal ein vise igjen her, eller skilje seg ut, så blir det kravd meir i same gata og vel så det. Men det må vere eit mål for duoen som starta den musikalske reisa heime i strutsefjøset til familien Hundsnes på Litlaskog.
Eit anna pluss med singelen er at den fungerer godt som ei livelåt. Med fullt band vil nok denne få fram dansefoten når det blir lov igjen. Fram til det vil den nok hamne på mange sine digitale spelelister.
«Believe in» kler også vokalen til Joe Eriksen, som han nå elegant kallar seg, svært godt. Kanskje er dette det beste vokale han har servert i den til nå korte karrieren. Det er behageleg å høyre han synge, spesielt i refrenget. Å halde fram på det sporet verkar lurt, om ein kan få komme med eit forsiktig råd på vegen.
Lydmessig er det ein solid produksjon, og då me skrudde opp for å komme i litt ekstra sommarstemning heva låta seg faktisk endå eit hakk.

Solid er vel det beste ordet å bruke på denne singelen.
Meir slikt er eit ønske…

Alf-Einar Kvalavåg

Ny singel

Terningkast 4

«Believe in»
Muddy Young

Joe Eriksen og Jarle Hundsnes
Låtskrivar: Joe Otto Eriksen/Jarle Hundsnes
Produsent: Jarle Hundsnes, Aleksander Raftevold,
Plateselskap: MTG Music