Å vere trefellar slik som Mikael Benjamin Myklebust krev at ein har respekt for høgder, trea og ikkje minst motorsaga. Foto: Harald Nordbakken
Å vere trefellar slik som Mikael Benjamin Myklebust krev at ein har respekt for høgder, trea og ikkje minst motorsaga. Foto: Harald Nordbakken FOTO: Harald Nordbakken

Høgt heng han, og blid er han

Tidlegare har du kanskje møtt han på kontoret til Falkeid IL, eller som lærar på folkehøgskulen i Kopervik. Men aller helst vil Mikael henge i toppen av eit tre.

Ei svær gran tar sikte på bakken. Lyden av motorsaga er øyredøyvande og treet landar akkurat der det skal.
– Ikkje sant, glisar Mikael Benjamin Myklebust.
Myklebust Trefelling går bra om dagen, ordreboka er full av oppdrag, trefellingsoppdrag som det må ein ekspert til for å gjere.
– Eg er vakse opp på ein gard og har i tillegg stor interesse for klatring. Har faktisk tatt eksamen i klatring på høgskulen. Etter kvart tok eg diverse sertifikat for å kunne drive med treffeling. Det er ein farleg jobb, men gjer ein slik ein skal og sikrar seg skal det vere trygt dette også, seier Myklebust.

Forsvann til topps
Det var nok mange som synast det var trist då klubben sin svært så aktive daglege leiar forsvann ut dørene på Troppene. Jobb på Utgarden Folkehøgskule lokka i vest. Men så dukka han altså opp i eit tre.
– På ein måte er dette ein drøym. Å kunne jobbe ute, klatre og skjere. Det å ha full kontroll, få trea til å dette ned der dei skal, og ikkje der dei absolutt ikkje skal. Eg får ofte oppdraget då far i huset må melde pass. Det handlar om teknikk, kunnskap og mykje erfaring. Det å få gjort slike jobbar ser eg betyr mykje for kundane mine. Det er kanskje eit tre som har tatt utsikten, eller som har stått i vegen lenge.
– Og når ein skjer, så ryktas det i nabolaget?
– Ikkje sant? Mange av jobbane eg har fått er ved at eg jobbar ein stad, sett ut det vesle skiltet mitt og så tar dei bilde av det, og ringer meg. Har hatt prosjekt i fleire hagar etter kvarandre i same bustadfelt. Eg har også hatt oppdrag både for Kolnes IL og SK Nord, så idrettsfolket har fått med seg at eg speler på fleire strenger, smilar Mikael Benjamin Myklebust.

Fin jobb
Myklebust er i overkant interessert i å legge til rette for ungdommar. Det gjer han gjennom hovudjobben som lærar til dagleg. Men når han klatrar rundt i trea ser han også mulegheiter for ein del skuletrøytte ungdommar.
– Dette er ein fantastisk jobb om ein vil ha utfordringar både fysisk, taktisk og praktisk. Eg var heldig som slapp til med mykje heime på garden vår, og det har eg nå kunne ta med meg vidare. Kan verkeleg anbefale eit slikt yrke for alle. Men om det passar for alle er eg litt meir usikker på, ler han.

Respekt
Å vere trefellar slik som Myklebust krev at ein har respekt for høgder, trea og ikkje minst motorsaga.
– Som sagt er ikkje dette ein ufarleg jobb. Ein må gjere eit skikkeleg forarbeid og gjere gode vurderingar. Ofte når eg blir tilkalla har ein komme til eit punkt der det fort kan gå galt. Så må eg bruke den erfaringa eg har til å gjere dei rette vala. Og det går bra om ein berre er taktisk nok. Betalinga når ein ser treet, eller den store greina lande der den skal, kan ikkje målast i kroner og øre. Det er stort – kvar gong, seier Myklebust.
Sjølv om det er mange tre som skulle vore tatt er det skulejobben som er nummer éin for familiefaren. Sjølv om han har planar om å ta elevar med seg til mellom anna New Zealand når verda opnar igjen, så står treklatring høgt.
– Det å klatre opp i toppen av eit tre har alltid vore kjekt. Det gir ein eiga ro. Ein har utsikt og alt anna ligg langt der nede.
– Heilt til du startar saga?
– Men er ikkje lyden av ei motorsag herleg då. Å skjere i eit tre gir ei herleg kjensle. Å ha ein slik jobb på si, det er verkeleg noko eg sett stor pris på. I tillegg er det kjekt at eg har akkurat passeleg med arbeid, slik at når nokon ringer og det hastar litt, ja så kan eg komme rimeleg kjapt. Nå sist var eg i Aksdal og tok nokre høge graner for Olav Askeland som skal bygge der. Kjent kar frå Falkeid det også…
I tillegg til seg sjølv har Mykjebust tidvis hjelp frå to, tre andre. Han driv ikkje med skogsdrift, noko som treng større maskinar og fleire folk.
– Eg kan vel konkludere med at eg er heldig som har to slike draumejobbar, seier Mikael Benjamin Myklebust.