Arne Kolnes, Vegard Lotsberg Kolnes, Sverre Lotsberg Kolnes legg siste finpuss på båten før båtsesongen tar til neste helg. Dette er kos, garanterer trioen på kaien i Førre.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Arne Kolnes, Vegard Lotsberg Kolnes, Sverre Lotsberg Kolnes legg siste finpuss på båten før båtsesongen tar til neste helg. Dette er kos, garanterer trioen på kaien i Førre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Dette er skikkeleg kos

Båtane skin, sjøen lokkar og båtfolket er i strålande humør. Skal ikkje meir til enn tosifra tal på gradestokken.

Det er klassisk og det er vakkert. Ein stor kvit båt blir bona og gjort klar for ein ny sesong på sjøen. Sønene jobbar og slit, far står med nevane i lomma og ser på.
– Ha, ha, det ser bra ut ikkje sant.
Sverre, Arne og Vegard Kolnes er i gang med den siste finpussen og det er god stemning på kaien i Førre. Det er tiande året dei går gjennom dei same rutinane.
– Det kan kanskje sjå ut som tungt arbeid og litt keisamt, men dett er faktisk kos. Sol og strålande vårvêr, ja då er dette skikkeleg kjekt. Å gjere båten klar til ein ny sesong er faktisk veldig viktig og som ein ser rundt oss her, har dei fleste nå både spylt og polert slik at båtane er klare. Det å få på botnsmøringa er ein milepæl. Då er det ikkje lenge til sjøsetting, smilar trioen.

Alltid noko
Trioen er av dei meir rutinerte båtbrukarane me treff denne kvelden. Dei har allereie gått over det meste og det er ikkje få punkt på ei sjekkliste etter ein lang og kald vinter.
– Det varierer nok ein god del kor mykje ein gjer sjølv, og kor mykje ein gjer på service, og liknande. Me likar å gå over det meste sjølv, og dette vedlikehaldet er ein viktig del av det å ha båt.
– Er det mykje slurv når det gjeld vedlikehald?
– Både ja og nei. Når ein har ein så god plass på land som her i Førre Båtforening kan ein ikkje skulde på noko. Her er det romsleg og ein har alt det ein treng for å kunne jobbe både under, og oppi båten.
– Kva type båt er dette?
– Dette er ein Riviera 925, ein båt me liker svært godt. Den er god å kjøre i fjordane me har her. Litt utsett for vind er desse store båtane, men det går nå stort sett greitt, smilar trioen.

Nærturar
Sommaren i fjor blei i båtfolkets teikn. Sydenturar blei bytta ut med båt og ferie i Norge.
– Det merka me godt og det er blitt mange nye båteigarar rundt om. Skal bli spennande å sjå i år korleis det utviklar seg, men det ser vel ut som at det blir ein ny sommar på «heimebane».
– Og for familien Kolnes betyr det?
– Me fartar mykje rundt om i fjordane her. Sei at me har Bergen i nord og Stavanger i sør som det lengste. Førresfjorden er ein flott fjord, det same er Ryfylkebassenget. Me er eigentleg heldige som bur her me gjer, seier Sverre.
– Me fekk litt sjokk i fjor då me såg alle som fekk seg båt. Men det gjekk heldigvis bra, seier Vegard.
– Me får håpe dei har vett til å ta vare på båtane. Det er store verdiar som taper seg om ein ikkje passar på dei, seier pappa Arne og held dei to sønene i arbeid.

Elektronisk
Arne fortel om eit båtliv som slett ikkje var like enkelt, eller vanskeleg som i dag.
– Nei, det er lett å tru at alt det elektroniske og digitale ein drar om bord berre er med på gjere det lettare. Noko av det absolutt, men med meir elektronisk materiale om bord, lettare er det at noko ikkje fungerer, Difor er alt vedlikehald, sjekk av utstyr og så vidare viktig før ein starter sesongen. Denne båten er 34 fot og det er ikkje berre å starte opp og tru at ein kan «frese» rundt på sjøen. Det er mange detaljar som gjer at ein får ei god oppleving.
– Fortel om ei typisk god oppleving då?
– Det er nok individuelt kva folk likar best, men ein fin ettermiddag og kveld med lite vind og kveldssol. Ein tur til Bokn eller Slåttevik for å kjøpe seg ein is. Treffe andre med den same interessa. Det som er ekstra fint her er at fjordane gir god ly om det skulle blåse litt. Det gjer at turdagane blir mange og at det er trygt på sjøen. Det er også ei god kjensle, det at ein har full kontroll, seier Sverre Kolnes.
– Det er vel strengt tatt ingenting som slår ein skikkelig båtsommar frå mai til september. Vel verd å pusse og gnikke litt for det, smilar Sverre og Vegard Kolnes og kikkar rundt seg.
Ingen på kaien i Førre seier nok mot dei på akkurat det sitatet.
– Men nå må dokker stå på gutar, me har ikkje heile kvelden på oss, blenkar pappa Arne lurt, og då skuggar me banen og ønsker dei lykke til på sjøen i sommar…