Ann-Kristin B. Dahle
Ann-Kristin B. Dahle

Planleggje litt

Ann-Kristin Berge Dahle, folkehelsekoordinator

Dette heiter kampanjen som senter for eit aldersvenleg Noreg for tida har gåande. Har du byrja å planleggje din alderdom?

Kvifor planleggje?
Jau, det er som dei fleste veit slik at i åra som kjem, vil det vere ein stadig større del eldre over 65 år i befolkninga. Dette kjem av høge fødselstal etter andre verdskrig, ein stadig høgare levealder grunna betre helsetenestetilbod og synkande fødselstal. Ein veit også at inntektene til kommunane gradvis vil verte svekka framover, og at den såkalla aldersbereevna som seier noko om forholdet mellom den yrkesaktive delen av befolkninga og den eldre delen vert redusert, altså at det vil verte færre til å ta seg av oss når vi vert eldre i tida framover. Altså må kvar og ein av oss ta meir ansvar for eiga helse og eige liv. Det løner seg både for den enkelte og for storsamfunnet å planleggje godt, for å fortsatt kunne ha god livskvalitet og trivsel inn i framtida.

Bustad
Mange tenkjer på ein heim som fire vegger. Men det handlar like mykje om kven som er naboane dine, kva du har av tilbod i nærmiljøet og korleis du har blitt vant til å leve. Alle ønskjer å bu heime så lenge som mogeleg pluss at dette er ein nasjonal forventning, og då er det viktig å tenkje over kva som er viktig for akkurat deg. Mange byrjar å planleggje for ein bustad som kan vare livet ut allereie når ein byggjer eller kjøper sin fyste bustad. For andre kan det være aktuelt på eit tidspunkt å vurdere tilpassing i eksisterande bustad eller flytte til ein ny og meir aldersvenleg bustad i god tid før ein verkeleg har behov for det. Ofte utset vi å gjere noko med dette til vi kjem det til punktet at det ikkje er mogeleg å bu heime lenger. Det vert sagt at nordmenn er verdsmeistrar i oppussing. Kanskje vi skulle brukt nokre av midlane til å gjere bustaden vår meir aldersvenleg i staden for å bytte ut kjøkenet? Ein veit at det å fjerne tersklar til badet, betre utforming/ombygging av bad, og trinnfri åtkomst til bustaden er blant dei viktigaste tiltaka for å kunne bu heime lengst mogeleg.

Venner og sosialt nettverk
Eit godt liv handlar mykje om å ha folk rundt seg, å bli sett og å bidra – å være ein del av eit fellesskap. Når ein sluttar å arbeide, får ein meir tid til å gjere nye ting. Då er det verdt å tenkje litt over kva du ønskjer å gjere, kven du vil omgås og kva som betyr noko for deg. Husk at det er fleire i lokalsamfunnet ditt som har behov for deg og di erfaring. Aktivitet bidreg til å styrke fysisk helse og beskytte mot kognitiv svikt. I tillegg kan det bidra til å tilfredsstille grunnleggande menneskelege behov, som det å oppleve meining, sosialt samvær og engasjement, og slik sett bidra til å styrke psykisk helse og motverke einsemd.

Levevanar
Gode levevanar handlar om å ha gode rutinar, være fysisk aktiv, sosial og å ha eit fornuftig kosthald. Også alkohol og tobakk påverkar helsa vår i stor grad. Overgangen til pensjonistlivet betyr meir fritid. Då er det kanskje ein god idé å ikkje leve som om det er laurdag heile veka. God søvnkvalitet er også ein viktig faktor for helsa, og betyr meir enn kor lenge du søv. Å fokusere på levevanane dine er viktig gjennom heile livet, men ein vert aldri for gamal til å starte eit sunnare liv.
Husk ordtaket- utset ikkje til i morgon det du kan gjere i dag. Lykke til med planlegginga, og gjennomføringa.