Det er nå mottatt løyve til å sette i gong prosjektet frå kommunen, og oppstart med tilrigging i prosjektet startar denne veka. Prosjektet skal etter planen vere ferdig i august/september.
Det vil i prosjektperioden vere naudsynt med alternativ parkering, og Tysvær kommune har leigd eit midlertidig areal ved «Sterling bygget» ein kan nytte i perioden bygginga går føre seg, opplyser kommunen.
Om ein skal nytte idrettsanlegget, ber dei om at ein parkerer ved Tysvær arena.
– Me skal ha eit oppstartsmøte i morgon, tysdag. Det er nok ikkje komme nokre maskinar ennå, men ein vil truleg begynne å rigge til ganske umiddelbart. Det beste er om folk allereie nå parkerer ved alternativ parkeringsplass og slepp dei som skal på idrettsanlegget av ved Tysvær arena, seier Jan Bauge, byggeleiar for Tysvær kommune.
Bauge opplyser at kva gjeld skuleskyss ønskjer ein at denne skal gjennomførast normalt heilt fram til skulen slik som i dag, men at det kan bli endringar etter kvar ein er i prosjektet. Her kan det komme fortløpande informasjon om det blir naudsynt.
– Alt anleggsarbeid representerer risikomoment som me har stort fokus på å gjere så små som mogleg. Me ber derfor om di hjelp til å unngå ulukke ved at sperringar blir overholdt og at ein er påpasseleg om ein ferdast i området. Forklar barna at å bevege seg i anleggsområdet eller opphalde seg rundt anleggsmaskinar er farleg, opplyser kommunen i eit informasjonsskriv om prosjektet.