Joe Eriksen og Jarle Hundsnes er Muddy Young. Endeleg er dei tilbake i Tysværtunet. Det skjer 11. juni.
Joe Eriksen og Jarle Hundsnes er Muddy Young. Endeleg er dei tilbake i Tysværtunet. Det skjer 11. juni.

FREDAG 11.30: Endeleg, endeleg lunsjkonsertar på gang

Det har vore vanskeleg både på og utanfor scena dette året. Må nå tør me sleppe laus tre spennande band. Heilt gratis for deg.

Lunsjkonsertane har vore populære, sjølv i kornatida har me klart å gjennomføre eit par. Men så kom ei ny nedstenging, noko som gjekk spesielt ut over tre band, som me allereie hadde booka.
Men nå tar me sjansen og inviterer til tre flotte konsertar før me tar sommarferie og presenterer årets BlirBra-festival.

Håvard Ersland har med seg Ingvald André Vassbø på trommer og Petter Berg Aspen, gitar.


Inneklemt
Vaspeland 3 er ein orgeltrio leia av Håvard Ersland med hammond B3, gitar og trommer som har spesialisert seg på å bringe vidare orgeljazz-tradisjonen etter legender som Jimmi Smith og Larry Young, samtidig som dei bringer tradisjonen vidare med sin heilt eigne moderne og unike sound. Til tross for at bandet er relativt nytt har dei allereie rekt å spele fleire konsertar som alle har hausta gode kritikkar. Ersland har med seg Petter Berg Aspen, gitar og Ingvald André Vassbø på trommer.
Dei kjem fredag 14. mai, på den inneklemte dagen, og gir deg ei poweroppleving om du er heime og har lyst.

Levang med mykje nytt
Levang med Øyvind Østebøvik på vokal kjem og speler 28. mai. Østebøvik, som var ein av tre kommunale stipendvinnarar i år, tar med seg resten av bandet og gir ein takk for stipendet lunsj. Og det blir i eit litt anna format enn sist.
– Me har «mista» gitaristen vår, men tar med oss ein vikar og skal spele både gamle og heilt nye låtar. Å få komme til Tysværtunet betyr mykje for meg personleg, men også for bandet. Sist me var og spelte til lunsj hadde me fem jobbar på ei helg, ny musikk og store planar for 2020. Så gjekk alt i svart og me har berre sleppt til på eit par små arrangement etter den gongen. Å få ein slik sjanse som dette betyr mykje for bandet, seier Øyvind Østebøvik.
Etter å ha fått kulturstipend meiner han også at det er på sin plass med ein skikkeleg takk.
– Eg høyrte ordføraren var invitert då me blei stoppa sist. Det betyr mykje for meg, fordi då kan eg få takke for det viktige stipendet som eg fekk. At kommunen også ser denne delen av kulturlivet synest eg er fantastisk. Så at me kan få gi litt tilbake er viktig for meg, seier Østebøvik.

Øyvind Østebøvik og Jocky Levang i aksjon under lunsjkonserten i januar 2020. Etter det har det vore stilt for bandet og dei fleste andre i bransjen. Levang speler gratiskonsert i Tysværtunet fredag 28. mai.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg


– Kva nå?
Saman med Jocky Levang, Jan Knutsen og Atle Fjelde har Levang halde hjula i gang med øvingar kvar tysdag. Men spelejobbane, nei dei ligg der framme ein stad.
– Det er vanskeleg, men det er det for alle, seier han.

Frå Oslo
Muddy Young avsluttar våren som lunsjartistar når dei kjem 11. juni. Med trommeslagar på plass kjem dei i sitt nye trioformat, med ny musikk og eit lite knippe av dei første songane dei har gitt ut.
– Var kjipt då me måtte takke nei på grunn av smittesituasjonen i januar. Då skulle me spelt både i Etne og i Tysvær. Det gjekk ikkje, og etter det har det vore tungt å sitte i Oslo og vente på betre tider. Men det å komme heim og spele lunsj, det set me stor pris på. Dette er eit utruleg viktig arrangement for lokale artistar, og me veit det er mange som hadde gitt mykje for å sleppe til der. Me er heldige og lovar å gi alt på scena i juni, seie Joe Eriksen og Jarle Hundsnes.
Dei to tysværbuane har verkeleg fått kjenne på nedstenginga i hovudstaden. Dei låg i startblokkene på det som kunne, eller framleis kan bli, noko stor og spennande.
– Me fekk ny platekontrakt og har valt å vere positive, sjølv om det har vore heilsvart. Nå ser me fram til kvar einaste spelejobb med 100 prosent energi. Det skal også publikum få merke, seier Eriksen.
– Eg synest me har brukt tida godt. Me er meir eit band nå og det merkast også på musikken. Så folkens det er berre å notere datoen, seier Hundsnes.

Glad
Med tre relativt unge spennande band og artistar på scena har me klart å lande litt av årets sterkt reduserte lunsjkonserttilbod i Tysværtunet.
Det er viktig å gjere oppmerksam på at det framleis berre er lov å sleppe inn 100, og at ein må sikre seg billettar før konsertane. Det bør du gjere i dag, for det er heilt gratis.
– Me er sjølvsagt glade for at me klarte å runde av våren på denne måten. Både me på kulturhuset og Bygdebladet har jobba hardt for å få på plass desse tre banda. Dei vil også passe godt inn i det andre tilbodet me har fram til sommaren, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.