Jørn Hoel skal endeleg ut på vegen igjen. Konserten i Aksdal i slutten av mai blir ein av dei aller første på turneen.
Jørn Hoel skal endeleg ut på vegen igjen. Konserten i Aksdal i slutten av mai blir ein av dei aller første på turneen.

Jørn Hoel til «Tunet»: Proppa av hits

«Ei hand å holde i», «Har en drøm» og «Lost in the tango». Jørn Hoel & to gruvearbeidere tar verkeleg eit djupdykk i Hoel sin lange karriere.

Det har vore så musikalsk tørt på scenar rundt om, og det så altfor lenge. Men nå kjem artistane til Tysvær på rekke og rad. På miniturnear og for å skape litt liv i leiren. Jørn Hoel skal på turné over heile landet. Saman med Alexander Pettersen på percussion og Tore Blestrud på pedalsteel har dei verkeleg tenkt å servere klassikarar til sine trufaste fans. Og det er meir der det kjem frå.
– Ja, det har blitt nokså mange songar av det gjennom desse åra. Eg har vore så pass heldig at eg har fått drive med fleire stilartar, og med både gode komponistar og musikarar. I tillegg har eg blitt utfordra på fjernsyn i program som «Hver gang vi møtes», «Korslaget», «Den du veit» og «Stjernekamp». Nå har me funne fram litt av kvart, seier Jørn Hoel.
Me treff han på telefonen berre dagar før han skal sette kursen mot Vestlandet.
– Spent?
– Ja, det kan du godt seie. Nå har eg budd i Oslo i 40 år og kjenner byen godt. Det siste året har vore som å vere med i ein skrekkfilm. Alt har vore stengt og avlyst. Så nå når ting opnast opp igjen er eg veldig optimist, men også realist. Det vil nok gå ei stund før folk blir heilt vant til å gå ut igjen. Ser berre på meg sjølv. Ein dag måtte eg til Sandvika Senter for å kjøpe noko til mobilen. Der var det så mykje folk at eg berre snudde. Så det har skjedd noko med oss.
– Kva trur du om publikummet på denne turneen?
– Eg trur dei som kjem vil ha ein kjekk konsert. Dei er litt som meg trur eg, desperat etter noko positivt. Samstundes er det lov å vere litt skeptisk.

Hits
Tromsøværingen har vore ein del av norsk musikk sidan -80-talet og har ei rekke med hits på lager, frå forskjellige stilartar og periodar.
– Kan du love at du speler hits?
– Det kan eg. Det som har vore kjekt for meg det siste året er at me tre, som nå skal ut på vegen, har funne ut at trommer og steelgitar passa utruleg bra til mange av songane mine. Det var som ei forløysing der gamle hits blei nye. Og responsen har vore svært god. Så eg trur publikum kjem til å bli gledeleg overraska over å høyre songane frå den gong då, på nytt.
– Når me snakkar om å mimre. Treff du gamle fans framleis?
– Ja, det gjer eg, og det er stas. Eg har ei kone frå Stavanger så eg trur eg kjenner lynne til rogalendingane. Dei har vore med sidan starten og sunge med. Så litt dans i radene, allsong, men også tid til å lytte håper eg det blir. Så elskar eg framleis å fortelje litt historier undervegs. Når ein har reist rundt i 40 år, så har ein litt å komme med, flirer Jørn Hoel.

Variert
Hoel hadde eit par saftige hits med kjærleg innhald tidleg på 1980-talet. Så kom det blues og country, gjerne i duett med Steinar Albrigtsen.
– Har du hatt tid til å jobbe med ny musikk dei siste åra?
– Både ja og nei. Eg har ein del liggande som me jobbar litt med. Trudde eg skulle få sjansen nå i vinter, men det har blitt så mykje meir som tar tid.
– Fjernsynet?
– Ja, det har vore kjekt. Utruleg makt i det som kjem på skjermen. Treff stadig nye generasjonar av folk som vil ta ein selfie eller ha ein autograf. Å vere med Thomas Giertsen eller i «Stjernekamp» er ikkje dumt om ein vil halde karrieren varm. Men aller helst vil eg spele konsertar, og det blir det mange av i 2021. Mange småstader og unike konsertar, men også eit par i kulturhus, slik som i Tysvær. Der har eg vore før og det er ein god sal å spele konsertar i, seier Hoel.
Med vaksine i kroppen gjer Jørn Hoel seg klar for turnélivet på nytt. Trioformatet kler han godt og spelesuget er på plass.
– Eg har stor tru på at me nå kjem i gang. Mange artistar vil trenge denne sommaren på å komme igang igjen. Kjenner det sjølv når me har øvd. Var rart då me hadde rigga oss til og eg fann fram gitaren. Tok litt tid før alt var på plass igjen. Men det girar oss litt ekstra. Så folkens, me snakkast om berre kort tid. Eg hentar fram det beste eg har i katalogen, slik at me får ei fantastisk mimrestund i Tysværtunet, avsluttar Jørn Hoel.