1. trinn på Tysværvåg barne- og ungdomsskule var med å samla inn pengar til Barnekreftforeininga.
1. trinn på Tysværvåg barne- og ungdomsskule var med å samla inn pengar til Barnekreftforeininga.

Sprang til inntekt for Barnekreftforeininga

Tysværvåg barne- og ungdomsskule samla inn pengar til Barnekreftforeininga i samarbeid med Team Rynkeby. Mange måtte grave djupt i lommeboka, for elevar og lærarar sprang til saman like langt som frå Tysværvåg til Paris- og vel så det.

Grunna koronaen kunne ikkje alle jogge samla, og derfor delte skulen inn løpet i 12 økter med start kvar heile time i løpet av torsdag og fredag førre veke.
– Første start var klokka åtte, og to morgonfriske elevar og fleire lærarar opna løpet. Frå klokka ni og utover gjekk det slag i slag med ein klasse om gongen. Elevar som ville springe meir enn ein runde fekk lov til det, fortel rektor Geir Dybdahl.
Fleire elevar sprang både to, tre, fire og fem rundar. Fleire vaksne sprang heile dagen, og med det ein maraton, fortel Dybdahl.
Han opplyser at løypa er på 6,7 kilometer, så i løpet av desse to dagane sprang Tysværvåg over 1800 kilometer, noko som tilsvarer ein distanse frå Tysværvåg til Paris.
– Det blir samla inn pengar per kilometer, så det er fleire foreldre, besteforeldre og andre som må grave djupt i pengetaska, seier Dybdahl.
Kor mykje skulen samla inn til saman får ein vite om omlag tre veker, men Dybdahl kan fortelje at ein av lærarane utfordra vener og kjente og aleine samla inn 6300 kroner etter å ha sprunge halvmaraton, 21 kilometer.

Det blir samla inn pengar per kilometer, så det er fleire foreldre, besteforeldre og andre som må grave djupt i pengetaska

Roser innsatsen
Team Rynkeby – God Morgon er eit nordisk veldedigheitssykkellag som kvart år syklar til Paris for å samle inn pengar til barn med alvorleg sjukdom. I år blir det ikkje noko sykkeltur til Paris, men Trondheim.
I løpet av rundt eit år skal deltakarane i Team Rynkeby i tillegg til å trene til sykkelturen, gjere ein innsats for å samle inn pengar til barn med kritisk sjukdom.
I 2020 donerte Team Rynkeby – God Morgon 91,9 millionar kroner til organisasjonar som hjelper barn med kritisk sjukdom. Av dette gjekk 9,66 millionar kroner til Barnekreftforeininga i Norge.
Henning Aarekol, som er med i Team Rynkeby – God Morgon Haugaland, var på besøk på Tysværvåg barne- og ungdomsskule då dei sprang, og han la seinare ut ein video på Facebook der han skryt over dei unge sin innsats.

– Dei som er foreldre til ungar som går på Tysværvåg barne- og ungdomsskule og Bø ungdomsskule på Karmøy, eg håper verkeleg at de tar tak i ungane dykkar i kveld, og fortel dei kva for ein fantastisk jobb dei gjer for barnekreftforeininga. I kveld, når dei ungane kjem heim frå skulen, skal de gi dei tre stjernes middag og ekstra is. De skal sette dykk ned med dei, og fortelje dei kva det betyr å hjelpe andre, seier Aarekol i videohelsinga.

Jan Michael Leifsen, som er kaptein på Team Rynkeby – God Morgon Haugaland, synst også innsatsen til skulane som har samla inn pengar er imponerande, og synst det er veldig kjekt at så mange vil vere med. I år har ti skular og ein barnehage på Haugalandet vore med å sprunge.

Elisabeth Førland med is frå FAU.

Ivrige elevar i full fart. Fremst frå venstre Maja Selezniova, Aksel Holberg og Alina Lervik. Alle ved 1. trinn.