Veggen er full av planar, og det er ein topp motivert arbeidskomité som snart vil presentere Campus Tysvær. Frå venstre: Marit Lothe, Helga Haugsnes Borgen, Mari O. Nymoen, Johnny Liadal og Brit Iren Meland.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Veggen er full av planar, og det er ein topp motivert arbeidskomité som snart vil presentere Campus Tysvær. Frå venstre: Marit Lothe, Helga Haugsnes Borgen, Mari O. Nymoen, Johnny Liadal og Brit Iren Meland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Har du meldt deg på: Campus Tysvær blir fenomenalt

Barn og unge i Tysvær er grisheldige denne sommaren. Snart kan dei melde seg på tidenes sommarskule med aktivitetar av alle slag.

Brikkene fell på plass dag for dag, og om kort tid håper ein at påmeldinga kan ta til. Dei første er allereie begynt å kontakte kommunen, men litt is i magen må ein framleis ha. Alt er ikkje på plass, men det begynner verkeleg å ta form.
– Me har fått enorm respons både frå lag, foreiningar og enkelpersonar som vil vere med å lage tidenes sommarskule i Tysvær. Det blir aktivitetar til «lands og til vanns», og dei som ikkje finn noko spennande i dette programmet, vel dei har ein sær smak. Nå må me berre få bruke eit par dagar til å sy saman heile programmet, så kjem det mulegheiter for påmelding, seier prosjektleiar Mari O. Nymoen.
Denne veka har prosjektgruppa vore samla igjen, og innspel, aktivitørar, vertar, lag og foreiningar har vore tema.

– Heldige
– Me har vore heldige, for mange av dei som skal vere med har kasta seg rundt og sagt ja. Det gjeld i heile kommunen, og me ser at store klubbar som Falkeid IL og kajakklubben ikkje har problem med å seie ja når ein inviterer. Det gjeld faktisk dei aller fleste klubbane me har vore i kontakt med. Nokre av dei hadde eigne sommarskular og mykje arbeid med det, så det forstår me godt. Men tilbodet vårt nå skal slik me vurderer det treffe alle i målgruppa frå 5. til 10. klasse. Det er musikk, kunst, graffiti, sport og friluftsliv om ein annan. Kvar deltakar kan melde seg på ein aktivitet, i tillegg vil me sjå ann nokre av aktivitetane, om dei kan ha plass til at ein er med litt meir. Men det meste er fire dagars aktivitetar, seier Nymoen.

Info
Prosjektet er basert på midlar kommunen har fått, og alle aktivitetane skal vere gratis.
– Det betyr at du kanskje sakte og tydeleg bør forklarer det som nå skjer dei neste dagane, Nymoen?
– Når alt er på plass vil føresette i Tysvær-skulen få melding på Visma-skule, som dei er godt kjent med frå skulekvardagen. All påmelding vil deretter gå føre seg digitalt. Om ein har spesielle behov for å spørje, kan me sjølvsagt kontaktast. Det er første mann til mølle som gjeld når me opnar opp, men alle skal få aktivitet. Me har plass til omlag 400+ deltakarar.
– Og berre så det er heilt klart ein gong til. Prisen?
– Gratis.
– Sommarskule, betyr det at det også er tradisjonelle fag?
– Nei, me har ikkje valt det. Veit at det er kommunar som har hatt til dømes spanskkurs og liknande, men det har me ikkje tenkt, i alle fall ikkje i år. Me ser for oss ein aktiv sommarskule der ungdommar skal ha mykje å finne på, vere ute og inne og få nye venner, oppleve nye aktivitetar og ikkje minst få ein fin sommar.

Sjø
Tysværtunet står sjølvsagt sentralt i ein slik sommarskule. Men det er aktivitetar i nesten kvar bygd.
– Me har også fått til eit opplegg med symjeklubben i Haugesund som skal ha opplegg i hallen i Tysværtunet for alle kunnskapsnivå, og ikkje minst ha fokus på tryggleik i vatn. Slik sommaren er nå med framleis strenge restriksjonar, trur me slik aktivitet garantert vil vere populært.
– Det er aktivitetar som du ikkje vil røpe heilt.
– Det er fordi me ikkje vil skape forventningar på aktivitetar som me ikkje er heilt sikre på å få gjennomført. Men nå er det ikkje mykje arbeid igjen. Me skal skrive litt kontraktar, lappe litt her og der på listene, så slepp med Campus Tysvær. Namnet kom etter forslag frå ivrige ungdommar, som var med på ein spørjeundersøking om sommarskule. Så me er nesten litt i gang allereie, seier Nymoen.
Årets Campus er den første i Tysvær og blir eit supplement til fotballskular, rideskular og andre aktivitetar som er meldt denne sommaren. Det er eit ekstra press på å lage til noko for alle, etter at koronaen har stoppa opp for mange tradisjonelle aktivitetar.
– Me hadde kort frist på oss til å klare dette. Men alle i komiteen har vore kreative og løysningsorientrete. Det kjem ungdommane våre til gode. Så føresette må følge med på Visma skole, snart er alt klart for tidenes sommar, avsluttar Mari O. Nymoen.