Olaug Nyland har fått mykje å ta inn over seg dei siste vekene. Støtta sonen Geir Kåre får er til stor trøyst og hjelp. Den tenner eit håp for framtida.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Olaug Nyland har fått mykje å ta inn over seg dei siste vekene. Støtta sonen Geir Kåre får er til stor trøyst og hjelp. Den tenner eit håp for framtida. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Mora til Geir Kåre Nyland: – Det gjer så inderleg godt når folk bryr seg om oss

Det er sundag ettermiddag og sola steiker i Oslo. Ved Munch-museet badar folk. Ein av dei som eigentleg ikkje vil ta seg ein dukkert er Geir Kåre. Litt seinare tar han likevel eit fatalt val.

– Eg veit ikkje om eg hugsar alt som skjedde den ettermiddagen. Eg fekk ein telefon frå kjærasten;
– Me sit i ein ambulanse, Geir Kåre har vore i ei stupeulykke, men han kjem til å overleve.
– Det verkar så lenge sidan, så uverkeleg og så håplaust. På nokre sekundar var «Norges tøffaste» gjort om til ein hjelpelaus person på operasjonsbordet. Som mor er det forferdeleg, og ein må samstundes begynne å tenkje. Kav gjer me nå? Heldigvis har eg det genet i meg at eg klarer å tenke, sjølv i dei tyngste augeblikk etter mange tunge hendingar i livet. Livets harde skule kravde av meg på nytt, fortel Olaug Nyland.

Skulle ikkje
Klokka er 17.42 søndag 30. mai. Landets største avis, VG, legg ut ein notis om ei stupeulykke ved Munch-museet på Tomtekaia. Heime i Tysvær er systera til Geir Kåre, Zekiye, i eit selskap. Mora Olaug er heime då telefonen kjem. Minuttar seinare er du ho som slår nummeret til dottera.
– Me kom oss i bilen og sette kursen for Oslo. Det var ein lang og tung tur. Dagen etter gjekk eg i gangen på sjukehuset, opna døra og gjekk inn til Geir Kåre. På ein måte var det starten på ein ny veg her i livet. Han svevar mellom det vanlege superoptimistiske og det beksvarte. Han er lam frå brystvortene og ned. Muleg det har krype ned eit par centimeter til, men prognosane er tøffe for slike brot i ryggen. Eg er trygg på at han er i verdas beste hender, eg kan og vil ikkje tru noko anna. Det har vore heilt fantastisk den oppfølginga han har fått, seier Nyland.
– Kva har han sagt om det som skjedde på Tomtekaia?
– Han skulle eigentleg ikkje bade, men så ville han prøve noko som heiter militærstup. Så kjente han ein forferdeleg smerte, såg eit kvitt lys og merka at beina ikkje lystra. Han fekk raskt hjelp, og dei heldt han stabilt i vatnet til ambulansen kom. Men det gjekk 15 minuttar og han var kraftig nedkjølt i tillegg til brotet. Eg har vore og sett på staden der det skjedde. Det var berre 1,20 meter djupt og svart botn. Skjønar ikkje at han i det heile tatt torde. Men slik er han…
– Du har altså vore der?
– Ja, sett dei små skilta der det blei varsla om at ein ikkje burde stupe. Dei små skilta som «ingen» ser når det er mykje folk. Og slik var det denne ettermiddagen. Tettpakka. Det har vore dødsulykke her før, og ein lege er også blitt skada for livet…

Støtte
Geir Kåre Nyland har eit stort nettverk rundt seg. Det har han hatt lenge, og mange har nærast familiekjensle til han. Systera Zekiye har vore til stor støtte og tatt unna litt av «trøkket» frå media.
– Det merkar me ekstra godt nå. Kompisen og MMA-utøvar Emil Weber Meek starta ein spleis for Geir Kåre der pengane skal gå til å snu kvar stein for å få den best mulege framtida. Summen kom raskt over ein million, og støtta han får er overveldande og gjer så inderleg godt. For meg, for familien, for venner og ikkje minst for Geir Kåre sjølv. Han er nøydt til å ha liv og folk rundt seg, slik er han berre. Difor er han på nett, svarer på spørsmål og gir av seg sjølv. Han kan ikkje anna, det er slik han alltid har vore, seier Olaug Nyland.

– Tør du?
Me treff på henne over ein kopp kaffi heime i Tysvær. Ho fortel om eit liv der ikkje verda alltid har vore like snill. Der død og skader faktisk har vore ein stor del av livet. Men ho syt ikkje, skuldar ikkje på nokon, er raus og varm i sine forteljingar om alle som nå bryr seg. Om ein familie som har sett ting på vent, som har tømt kalenderen og nå ser framover.
– Kva tør du håpe på?
– Først og fremst har eg ei rolle som mor, og er eit filter mellom ungane våre og det som har skjedd. Me skal snart ein ny tur til Oslo og treffe han. Det trur eg vil gjere godt. Så skal han trene seg opp så langt det lar seg gjere på Sunnaas sjukehus. Han har dratt gullkortet der, som får hjelp så raskt på eit av verdas aller beste rehabiliterings sjukehus. Men å svare på kva ein tør tru på, nei det veit eg ikkje om eg kan, eller vil svare på. Livet har vist seg å vere så lunefullt før. Men Geir Kåre er ein fighter, det trøyster me oss med. All den positiviteten som nå er rundt han vil nok vere ei stor støtte. Det er ekte kjærleik og ikkje noko krav om at han skal reise seg. Det er så ekte og så overveldane at som mor blir ein satt litt ut.
– Men…
– Men ein veit ikkje. Nå vekslar det mellom svart og kvitt, oppgittheit og tru. Om ein dag ser lovande ut, så veit eg at han har det heilt forferdeleg der han ligg og ikkje kjenner beina sine. Og eg veit, og det veit han også, at det kjem til å komme tunnellar psykisk i tida som kjem. Beksvarte tunnellar. Det er då alt det positive rundt han skal tenne lys. Slik at han finn opninga og trua igjen. Me må ikkje glømme at han lever, har to sterke armar, enormt med venner og støtte og ikkje minst ein familie som stiller opp. Det er det ikkje alle i hans situasjon som har. Sjølv i dei tyngste stunder må eg klare å tenkje den tanken og.
– Og ein liten ting til frå Geir Kåre til alle som har sendt helsing og støtta han. Han set utruleg pris på det. Det skal alle vite, avsluttar Olaug Nyland.