Fiolinduoen Ágnes Pusker og Almuth Chylek blir å høyre i Tysværtunet i morgon, fredag. 
Foto: Dorothee Falke
Fiolinduoen Ágnes Pusker og Almuth Chylek blir å høyre i Tysværtunet i morgon, fredag. Foto: Dorothee Falke

LUNSJKONSERT, FREDAG: Norgespremiere for fiolinduo i Tysværtunet – heilt gratis

Kommande fredag er det duka for hausten sin første lunsjkonsert. Fiolinduoen ASAP, Almuth Siegel (nå Chylek) og Ágnes Pusker, skal spele saman for første gong på halvanna år, og gler seg stort.

ASAP er ein av få internasjonalt etablerte fiolinduoer. Duoen blei grunnlagt i 2015 etter studiar i München, Budapest og USA. Dei har opptredd saman i mange land, også i samarbeid med utøvarar som dansarar, skodespelarar og biletekunstnarar.
ASAP har vunne fleire førstepremiar og publikumsprisar internasjonalt, og deira debut CD «Dialogues» (2018) fekk strålande mottaking.
Almuth Chylek er tilsett i Munor og busett på Karmøy. Ho synst det er fantastsisk med besøk av Pusker, som til vanleg er busett i Tyskland.
– Det er kjempekjekt å gjere dette igjen. Me har ikkje spelt saman på halvanna år, grunna koronapandemien, seier fiolinisten.
Chylek gler seg til å spele saman med Pusker i Tysværtunet.
– Eg synst det er veldig fint å kunne invitere henne med til Tysvær. Tysværtunet er ein veldig fin stad å halde konsert, seier ho.
Fiolinisten kan fortelje at duoen skal framføre eit repertoar dei har spelt før på konsertar rundt om i verda. Her kan ein mellom anna få musikk frå barokktid, og eit verk av ein tysk komponist som involverer at ein snakkar medan ein speler.
– Det blir ei blanding av epokar og musikkstilar på fredag, seier Chylek som legg til at konserten vil passe for alle.
Bernhard Gismervik, dagleg leiar i Munor – Musikkselskapet Nordvegen AS, fortel at ASAP har tre konsertar denne veka. Onsdag og torsdag i Kopervik og Haugesund saman med tre andre frå MUNOR, og i Tysværtunet i morgon, fredag. Konserten i Tysværtunet er den einaste der ein får oppleve duoen heilt eksklusivt.
Det er første gong duoen ASAP held konsert i Norge.

Innhaldsrik haust
Samfunnet opnar meir og meir, og MUNOR har eit tett program utover hausten, kan Gismervik fortelje.
– Me har for så vidt gjort ein del sjølv om det har vore litt avgrensa. Me har mellom anna laga fleire videoar i løpet av nedstenginga, laga ny heimeside og drive ein del med planlegging gjennom møte på nettet. Men nå har me det gåande med konsertar jamt og trutt ut over hausten, seier han.
Når denne vekas konsertar er gjennomført, skal MUNOR mellom anna vere med på Podiumfestivalen i september. MUNOR blir også å høyre i Tysværtunet ved fleire høve utover hausten.
– Me skal gjere ein konsert saman med kunstnar Axel Rios, som heiter Las Manus de Munor. Las Manos betyr hender, og han skal fokusere på musikarane sine handrørsler, og fange dei, fortel Gismervik.
Dette kan ein oppleve både i Tysværtunet og i Staalehuset i Haugesund.
Under bLEST kan ein også få høyre MUNOR i Tysværtunet. Norsk-italienske Kristin Flood har dukka ned i teksten «Dantes inferno» på originalspråket, løfta fram dei viktigaste hendingane og gjenfortalt innhaldet på sin måte, på rim.

– MUNOR har spelt til stumfilmen Dantes inferno som kom i 1911. Dette gjorde me i 2013, i høve Skrekkfest på Tysværtunet. Me tenkte me skulle prøve å plukke litt fram igjen når Kristin Flood kjem til Tysværtunet, fortel Gismervik.
Vidare har MUNOR både kinodag i starten av november, og klassisk konsert i Haugesund, der starten av komponistar sine karrierer står i sentrum, på programmet.
Når jula nærmar seg skal dei ha juleturné med bandet Rags & Feathers.
Det blir altså ein travel haust for MUNOR, og midt oppi det heile har dei også flytta inn i nye lokale i Staalehuset i Haugesund.
– Flygelet måtte mellom anna inn gjennom vindauget. Men nå er alle sakene våre komme inn i huset. Nå står det att å komme i orden, seier Bernhard Gismervik, dagleg leiar i Munor – Musikkselskapet Nordvegen AS.

Hugs at du må hente ut gratisbilletter før konserten. I biblioteket eller på nettsidene til Tysværtunet