Rune Idar Frøyland, Kristoffer Apeland Stople og Morten Frøland med ein seksjon solcellepanel. Dette er framtida trur dei tre.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Rune Idar Frøyland, Kristoffer Apeland Stople og Morten Frøland med ein seksjon solcellepanel. Dette er framtida trur dei tre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Bygg & Bu: Dyr straum? Små grep kan gi stor gevinst

Det er nok ein del som har satt kaffien i halsen når straumrekninga har dukka opp. Heldigvis kan ein gjere grep sjølv.

Det er lite som minner om haust og regnvêr døgnet rundt. Det betyr at straumprisane neppe synk merkbart dei neste vekene. Skal ein berre sitte å sjå straummålaren surra rundt og tusenlappane forsvinn? Eller kan ein gjere noko sjølv?
To som bør ha greie på det er Rune Idar Frøyland og Morten Frøland hos Helgevold Elektro.
– Det enkle svaret er sjølvsagt å ikkje bruke så mykje straum. Men av og til, ja, ganske ofte, så er ikkje det så lett som det kan høyrast ut til. Me har heldigvis nokre råd til dei som kontaktar oss, eller til dei som nå skal i gong med å bygge ein ny bustad eller hytte, seier dei to.
Rune Idar brenn for solcellepanel og har sjølv investert i det privat.
– Det er eit større grep, men kanskje framtidas beste investering når det gjeld å vere med i det grøne skiftet. Kopla saman med ein batteribank gjer at ein nyttar seg av det lyset som me har i lange periodar, og vil kunne få opp mot 60 prosent av den straumen ein treng. Det vil ta nokre år før ein betalar ned eit slik anlegg, men det er effektivt og ein er med på å redusere den trongen me har til å få tak i ny straum gjennom uønska energiskaping. Dagens panel er også mykje betre enn dei første som kom, dei gir meir energi og tar mindre plass. Så dette er på veg til å bli noko mange kan investere i. Aller mest fordel er det å hente på næringsbygg og større offentlege bygg som skular og liknande, seier Frøyland.

Om me startar med enkle grep alle kan gjere er det sjølvsagt å bytte ut gamle lyspærer med leddlys

Alt muleg
På kontoret i Aksdal Næringspark sit Morten med ein kalkulator. Det skal ikkje mange trykka til med dagens straumpris før sjølv større investeringar raskt kan gi pluss.
– Om me startar med enkle grep alle kan gjere er det sjølvsagt å bytte ut gamle lyspærer med leddlys. Har ein i dag 10-15 50watts pærer i stove/kjøkken, så vil ein faktisk kunne merke på straummålaren at ein skifter. Dei varer også lengre, og er heller ikkje så brannfarlege som ein del av dei gamle pærene er. Det kjenner ein på varmen dei gir. Litt større investering er det å skifte frå lamper og spotlights til nye. Eg rekna nettopp på ein pris til ein kunde, og heilt nye løysningar på 10-12.000 vil faktisk kunne tenast inn i løpet av eit par år. Gevinsten er ikkje berre i kroner og øre, men at ein også får betre lys som kan stillast med enten ein smartbrytar eller med ein vanleg dimmar, seier Frøland.


Gamalt

Ein del av dei store apparata som bruker straum i hus er gamle, og vil som sagt også gi ein gevinst å byte ut med tanke på brannsikring.
– Me ser dessverre at mange av brannane i hus og hytter skuldast dårlege el-anlegg. Så enkelt forklart kan oppgradering av det elektriske også gi pengar spart i straumbruk. Eit område der me ser at pengane renn ut er gjennom gamle varmekablar som har 1-2-3-bryterar. Det å bruke eit par kroner på ein ny digital brytar vil også gi utslag.
– Kva med smartbryterar som kan stillast frå panel på veggen eller via ein app på mobilen?
– Det er sjølvsagt noko som alle nye hus får. Då kan ein sette ned varmekablane på den dyraste tida av døgnet og ein kan også stille ned straumbruken andre stadar når ein ikkje er heime. I dag har mange elektriske apparat økonomiprogram og saman vil dette gi ein effekt. Det å vere bevisst gjer at ein kan spare pengar, seier Frøyland og Frøland.

Bevisst
Når det kjem nye kundar til Helgevold Elektro så er det stor skilnad på kva som er viktig.
– For å seie det slik så er vår jobb å sørge for at det er straum i dei punkta me har fått bestilling på. Alt det som trekk straum må andre forklare kjøperane. Men me kan komme med gode råd. El-billaderar kjem til å bli vanleg, der er det mykje å spare. Me har batteribankar, som du kan lade opp når straumen er billigast om natta, og bruke når den er på det dyraste. Smarthus har mykje teknisk som kostar pengar i den eine enden, men som kan gi kostnadskutt i den andre. Men så er det dette med at straumprisane hoppar opp og ned. Difor er me opptatt av å vise alle sider av det tilbodet me har. Både når det gjeld varme, lys og lading frå solceller på taket, til skifte av bryterar og pærer. Er ein miljøbevisst, og det er stadig fleire, så er det grøne skiftet komme langt i vår bransje. Dessverre er det ein del som planlegg bustadprosjekt med litt feil fokus, slik at budsjettet er brukt opp før ein kjem til desse gode løysingane. Kanskje lærer me noko av dei straumprisane me har i dag, seier Morten Frøland.
Helgevoll Elektro leverer både til private og næring. Dei har mellom anna lokalar i Aksdal.
– Me merkar at det stadig er ei utvikling i denne bransjen. Akkurat no er det heilt tydeleg at mange er skeptiske til dei straumprisane som er. Heldigvis kan ein gjere noko sjølv. Skru ned eit par grader på temperaturen inne, dusj kortare og bruk straum når det er billigast. Det høyres kanskje lettar ut enn det er å gjere det, men effekt har det. Frå dag ein, avsluttar Morten Frøland og Rune Idar Frøyland.