Solfrid Molland er ute med ny plate. Foto: KKV
Solfrid Molland . Foto: KKV

Solfrid & Gjertrud til Tysværvåg

I oktober blir det stemningsfull konsert med Solfrid Molland & Gjertrud Økland i Tysvær Kyrkje.

– Nå går me ut til alle pensjonistar i Tysvær. Dette er ein gratiskonsert som er støtta av statsforvaltaren. At me har klart å få Solfrid Molland til å komme og spele for oss, er det mange som ser fram til. Også Gjertrud Økland er eit kjent namn for oss, så nå gleder me oss til konserten den 15., seier Liv Solveig Gjerde i pensjonistlaget.
Det aktive pensjonistlaget veit å ha det kjekt i saman og har allereie klart å komme seg ut på sosialtur i år. Men å få Molland til kyrkja i Tysværvåg er det mange som ser ekstra fram til. Også Molland sjølv.

Supert

– Eg forsto det slik at kyrkja arrangerer konserten for pensjonistar som har budd aleine under pandemien, men det er superhyggelig at det også blir plass for andre også. Eg tar med meg mine songar, trekkspel og piano. I tillegg kjem Gjertrud som er fiolinist og eit fyrverkeri av ein virtuos liveartist. Til Tysvær kyrkje kjem me aleine utan «gjengane» me bruker å spele med. Me gleder oss til endeleg å få spele saman igjen for første gang etter pandemien. Det skal bli ei herleg blanding av songar som me har gitt ut, seier Solfrid Molland.
Solfrid Molland har mellom anna gitt ut «Håpets Kappe» som har ein sterk religionsdialog og eit klima-bodskap og som er høgaktuell også i 2021.
Gjertrud Økland har med bandet Gjertruds Sigøynerorkester, som hun har drevet i 30 år, gitt ut sju plater.
– Dette kjem til å bli ein fantastisk flott kveld, og me er strålande nøgde med at me har fått støtte, men ikkje minst fått ja frå to av våre beste og sterkaste stemmer. Solfrid og Gjertrud er hjarteleg velkomne til Tysvær kyrkje. Me gleder oss skikkeleg, avsluttar Liv Solveig Gjerde.

I papiravisa vår kunne det sjå ut som om dette var ein konsert berre for pensjonistlaget. Det er det ikkje.