Malene Bakken/ Shanameh og resten av støtteteamet.
Malene Bakken/ Shanameh og resten av støtteteamet.

Frå sølv i Sverige og rett til Paris

Malene Bakken jaktar på nok distanseritt til å kunne kjempe om EM og VM plass. Då gjer det godt å ha eit solid støtteapparat i ryggen.

I papiravisen ble de to dyktige trenerne med fornavn Ellen i ryttermiljøet byttet om. Det beklager vi, men her er en oppdatert sak med rett Ellen.

15-åringen frå Erland i Tysværvåg var sist helg med i det populære distanserittet «Dackeritten» i Växjö i Sverige. Ryttaren frå Indre Haugaland Ryttersportklubb og hesten «Shanameh» imponerte stort og kom i mål berre ni sekundar bak den svenske vinnaren Ebba Bota og hesten «Wentyl du Bienn». Det var ikkje så galt skal ein tru Malene.
– Nei, me kunne nok ha komme først i mål, men eg fekk teamordre om å ikkje spurte i mål med hesten. Dette 100 kilometersrittet var mest viktig å fullføre og få godkjent. For å komme meg til EM og VM må eg nemleg ha godkjent to ritt på 100 kilometer og to på 120 kilometer.
– Korleis var løpet i Sverige?
– Det var krevjande fordi hesten absolutt ville sprinte i veg. Eg måtte bruke krefter på å halde henne tilbake. Men eg hadde eit fantastisk støtteapparat i mamma og pappa og familien Ydstebø Suhr, som hjelpte meg slik at me hadde full kontroll. Var nok eg som var mest sliten, smiler distanseryttaren som også fekk god hjelp av venninna Live Songstad.
Dei to ekvipasjane følgde kvarandre tett og det var heilt på slutten at svensken tok sjansen og rykka forbi. I distanseritt er det veterinærkontroll både undervegs og etter alle løp. Hestar som ikkje klarer å hente seg inn, eller som haltar, får ikkje godkjent.

Rett på flyet
Malene Bakken fekk ikkje mange timar med pause før det bar vidare til ein kort stopp på Ullared før ho var på flyplassen i København med billett til Paris.
– Fortell?
– Eg har vore så heldig at eg har fått låne hesten til trenar og ryttar Tonje Danielsen i Oslo og skal ri ein ny 100 kilometer i Paris, fredag morgon. Eg har sett «Cath Cash», men aldri ridd hesten så det blir spennande. Nok ein gong er målet å få godkjent. Om eg klarer det så startar me jakta på 120 kilometrane, der eg skal ri min hest «Shanameh». Ein må bruke same hesten på 120 kilometrane som i meisterskapa.
– Kva veit du om stemnet i Paris?
– Det er det største eg har vore med på i alle fall. Trur det er omlag 80 ekvipasjar påmeldt i min klasse. Då gjeld det å finne ei god gruppe, vere taktisk klok og gjere det eg skal for å få godkjent. Eg har snakka mykje med Ellen Ydstebø Suhr som eigde hesten min før og som er både trenar og mentor for oss. Nå må eg vise at eg har fått med meg noko av det ho har lært meg. Dette skal bli utruleg kjekt, seier Malene Bakken.
Dermed skal ungjenta ut på nye seks-sju timar på hesteryggen.
– Det er mykje ein skal tenkje på undervegs og det er viktig å lytte til hesten og følge med på korleis den har det. Sist helg trur eg det var heilt avgjerande for me sleit litt med salen. Nå er heldigvis Tonje Danielsen med og skal ri saman med meg, og difor er eg også for første gong i seniorklassen. Me kunne nok ikkje tatt sjansen elles, seier Malene som går i 10. klasse på Tysværvåg barne- og ungdomsskule.

Mykje jubel
Heime i Tysvær er det mange som er stolte over lokale prestasjonar for tida. Leiar Laila Nemeth jublar på Facebook og gratulerer ein etter ein.
I tillegg til Malene sitt sølv i Sverige ville ikkje sprangryttar Ida Tørresdal vere dårlegare.
Straumen-jenta henta med seg sølvet i sin sølvtour-klasse i sprang med hesten «Ladtlover», og fekk ein 6. plass i 1.20 klassen med hesten «Justin Beaber». Begge prestasjonane fann stad på det store sprangstemnet Oslo Horsesshow på Fornebu Arena.
– Me er utruleg stolt over jentene våre som har vore ute og reist og imponert. Her heime har det også vore stemner der mange har opplevd store augeblikk på resultatlista, men også i mestring. Det er berre å gratulere alle saman med fantastiske prestasjonar og som flotte ambassadørar for Tysvær, seier Nemeth.

Ida Tørresdal