Mange har også eit indre bilete av ein lang tynn fyr på eit beinrangel av ein hest, og kanskje ein stutt kar på esel ved sidan av. Det er Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad det.
Foto: Riksteateret
Mange har også eit indre bilete av ein lang tynn fyr på eit beinrangel av ein hest, og kanskje ein stutt kar på esel ved sidan av. Det er Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad det. Foto: Riksteateret

Hyperaktuelt eller berre ein morosam historietime

Dei fleste forbind Don Quijote med historia om mannen som slåst mot vindmøller. Har Riksteateret treft innertiar med sin turné?

Boka om Don Quijote er boka som mange har høyrt om, men kanskje ikkje like mange har lest. Boka frå 1615 skriven av Miguel de Cervantes og er ein murstein på omlag 2000 sider. Eigentleg er det ei novellesamling på 72 noveller, som også er litt av grunnen til at boka passar som teater.
– Dette passar for alle, og du treng ikkje å ha lese boka før du går på teateret, seier Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad, som har rollene som Don Quijote og Sancho Panza.
Dei to har fått det ærefulle oppdraget å spele dei to karane i ein moderne versjon, og har tatt seg kraftig fridom frå boka.
– Me har lagt handlinga til ein teatertropp som skal spele dette stykket der hovudrolleinnehavaren lever seg sånn inn i rolla at han trur han er Don Quijote. Han meiner at regissøren er ute etter han og spring på dør. Kollegaen som spelar Sancho, spring etter for å hente han tilbake til teateret, seier Svein Harry Schöttker-Hauge.
Han er raskt med å seie at dette er Riksteateret sin versjon av den kjente boka. Det er komisk, det ar alvorstungt, men stort sett ei munter forteljing som framleis er like aktuell.
– Den eine ser det han trur på, den andre trur berre på det han ser. Den eine ser verkelegheita som ho er, den andre som ho burde vere, seier dei to hovudrolleinnehavarane.
– Og slik er det vel framleis så sjølv om stykket er fleire hundre år gamalt, er det framleis interessant og aktuelt. At me har valt å legge det heile til ein teatertropp som skal sette opp stykket, gjer det lettare for publikum å følgje med, og er også meir naturleg med tanke på oppdelinga i boka. Ein blir litt glad i desse to raringane og dei trengte to galningar som kunne spele dei, og her står me, ler Eirik del Barco Soleglad.

Ikon
Sjølvsagt får me sjå den ikoniske skikkelsen Don Quijote gyve laus på vindmøller frå ei svunne tid, og du får også møte han sittande i baren på ein nattklubb i vår tid.
– Dette er ei form for teaterleik der alle på scena få vere med å skape scenar ein både kan le av, men også gjere litt djupare analyse av. Men først og fremst skal det vere ei reise i ei forteljing som så mange har høyrt og lest om, men som ein kanskje ikkje heilt har klart å plassere. Me får håpe at me klarar å gjere noko med det. Kjekt skal det bli og me ser skikkeleg fram til å komme til Vestlandet. Så langt har det vore hjartelege møter med publikum, seier dei to skodespelerane.

Overraskingar
– Når Don Quijote svingar lansen sin for å rydde el-sparkesyklane av vegen, kjennest den 400 år gamle historia treffande oppdatert, skreiv Vårt Land etter premieren.
– Ja, det er vel ikkje til å nekte for at det er ein moderne vri. Men det er jo det som er så kjekt, når ein kan blande det gamle med det nye, sette dei gamle historiene inn i eit moderne bilete. Slikt blir det mykje moro av, lovar Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad.
– Mange har også eit indre bilete av en lang tynn fyr på eit beinrangel av ein hest, og kanskje ein stutt kar på esel ved sidan av?
– Det er oss det. To galningar på turné med ein flott gjeng frå Riksteateret, avsluttar ein munter duo på veg til Tysværtunet forhåpentlegvis i buss…