Etter at kommunen opna for eit fast innbyggarpanel, har dei nå fått 170 deltakarar.
– Det er eit flott tilbod som me er stolt over å ha fått på plass. Innbyggarpanelet er ein ressurs for oss på mange måtar, og det er ingen tvil om at me vil nytte oss av dei framover. Men det mange fleire i Tysvær som har meiningar. Difor har me nok ein gong fått til ein avtale med Bygdebladet om å presentere aktuelle saker, stille spørsmål og få råd med på vegen. Denne gongen gjeld spørsmåla arbeidet med den nye samfunnsdelen i kommuneplanen. Dei råda me har fått tidlegare gjennom Bygdebladet, har faktisk fått plass mellom anna i planprogrammet til samfunnsdelen, og i saka om heildøgns omsorg, seier folkehelsekoordinator Ann-Kristin Berge Dahle.
Sei di meining her: https://tysver-bygdeblad.no/2021/11/12/test-poll/
På nett
Spørsmåla skal fordelast på tre aviser, og dei første kjem i denne avisa.
– Me startar med eit tema som mange er engasjerte i, nemleg om ein aktiv og inkluderande kommune der frivillige, både organiserte og uorganiserte, skal ha sin plass. «Saman om» har me kalla dette temaet. Me i kommunen har eit spesielt mål om å legge til rette for samarbeid, og det gjeld like mykje i dei små som i dei store sakene, seier Berge Dahle.
Kvar fredag kjem det spørsmål på nett for å lodde temperaturen og for få di meining. Som sagt er dette avstemmingar som blir lagra og lagt fram både for administrasjonen og politikarane.
– Kvifor gjer ein det på denne måten?
– Det er det fleire grunnar til. For det første veit me at det alltid er engasjement der ute blant innbyggarane. Det kan me lese om i Bygdebladet kvar veke. Det betyr at me veit at mange av dei me ønskjer å høyre frå, er faste lesarar av avisa, mellom anna på nett. Nettet gjer også at det er lett for oss å få inn stemmer, sortere dei og kunne bruke dei i vidare planarbeid i kommunen. Ein tredje ting er at me klarer å skape blest og fokus om saker som kanskje fell litt mellom stolane i den store politiske og administrative kvardagen, seier Berge Dahle.
Tema
Fram til jul kjem det opp tre tema som ein ønskjer meiningar rundt. Først altså om frivillige og samarbeid mellom dei og kommunen. Neste runde handlar om kva forventningar mellom anna unge tysværbuar har til utdanning, jobb og bustad i kommunen. Korleis skal me bli betre å få innbyggarane til å føle at dei høyrer til her?
– Når det gjeld dette siste, skal me også ha ein temakveld 24. november der me får besøk av Øystein Bull-Hansen, som har mykje erfaring med å bygge noko saman, enten som bustadplanleggar eller å få med det rette innhaldet i eit større prosjekt, seier Berge Dahle.
Det tredje temaet kjem om tre veker, og har fokus på alt snakket om dyr kommunal drift, betre økonomisk styring og bruk av ressursar i kommunen og i framtida, og korleis det påverkar innbyggarane sin private økonomi.
– Det er mange spørsmål som heng i lufta. Kan teknologien gjere oss betre når det gjeld pengebruk, privat og som kommune? Kan innbyggarane på nokon måte vere med og gjere Tysvær endå betre skikka og rigga for framtidas utfordringar? Me har utfordra digitalsjef John Egil Osteig på at me ønskjer ein oppdatering om korleis ein digital kvardag også kan vere med og hjelpe privatøkonomisk. Med andre ord, me spør om litt av kvart som mange bør meine noko om. Så logg deg inn på nettutgåva av Tysvær Bygdeblad jo før jo heller, avsluttar Ann-Kristin Berge Dahle med eit lurt smil.
Innbyggarengasjement står høgt i kurs på rådhuset.