Hollandske Arjan Van der Linde skulle spelt lunsjkonsert i romjula. Men så var det dette med Covid-19 då... Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Hollandske Arjan Van der Linde skulle spelt lunsjkonsert i romjula. Men så var det dette med Covid-19 då... Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Først og fremst var det trist for meg

Hollandske Arjan Van der Linde skulle spelt lunsjkonsert i romjula. Men så var det dette med Covid-19 då…

Vår nye ven Arjan har ein solid link til Tysvær og spesielt Førre. Bestekompisen gjennom heile livet, Martin Schouwstra, er gift med Silje Kolnes Schouwstra og familien Van der Linde feira i år jula i kjellaren deira innerst i Førresfjorden.
– Eg skjønar at det blir vanskeleg å få gjennomført ein konsert slik det er akkurat nå. Kanskje me klarer å lage eit lukka arrangement med nokre få i salen, sa Arjan då me snakka med han før jul.
Og akkurat det fekk han til med god hjelp av Martin og Øyvind Sjo i «Løå».
Når ein høyrer Arjan Van der Linde live aleine med gitaren, så er det berre å slå fast at det var frykteleg trist at det ikkje blei konsert. For dette hadde våre faste, og heilt sikkert ein del nye konsertgjengarar, likt. Men det er som Arjan heilt rett seier:
– Først og fremst var det trist for meg at det ikkje blei konsert. Dette hadde eg gleda meg til. Eg hadde også invitert gitaristen vår Wietze Koning med på turen, men han blei heime då
alt blei stengt ned. Nå kryssar me fingrane for at dette gir seg, og at det dukkar opp nye sjansar. Tysvær og Førre kjem me tilbake til fleire gonger, smiler Arjan Van der Linde.

Dette hadde eg gleda meg til

Video
Det har gått ein del år sidan første gong det dukka opp musikkvideoar frå Tysvær i katalogen til det hollandske bandet. Det same skjer i 2021/22 for når plata blir slept på det åpne markedet mot slutten av januar, vil ein fort kjenne seg igjen både i Førre og på Haugalandet i videoen til den flotte songen «Norwegian Mood».
I 2017 var det Alvanuten som fekk reklame då Van der Linde spelte inn songen «Florescent Light».
– Eg stortrivst her, så kvifor ikkje bruke denne flotte naturen som ei kulisse, seier Arjan og skryt over sonen Bas som nå har satsa på ein videofilmkarriere, og sjølvsagt også fekk dokumentert konserten i «Løå» i romjula.
I 2019 fekk bandet og Arjan ein skikkeleg hit gjennom songen «Watch Your Game» som blei mykje spela på Radio 102, og som nok ein gong hadde Tysvær-naturen som kulisse i musikkvideoen. Stemninga i «Løå» steig endå eit par hakk då han drog fram denne låta innimellom alle dei nye frå plata «Muy Rico», som altså er utsett fleire gonger, men nå kjem for sal i løpet av dei neste vekene.
– Me spelte den inn for halvanna år sidan, men som ein veit har det vore dårleg med sjansar for å lansere den skikkeleg. I desember og januar hadde me ei rekke konsertar me skulle spele i Holland og Tyskland. Det stara bra og me hadde trua, men så gjekk alt i svart. Det står AVLYST med store bokstavar over det meste av konsert-Europa akkurat nå. Å få spele for desse flotte folka på Frakkagjerd gjorde godt.

Ferie
Heime hos familien Kolnes Schouwstra ser det ut til at både musikaren og kompisen til familien har samla krefter. Bilete frå diverse fjelltoppar viser ein turist som nyt å vere ute i frisk luft.
– Det er herleg å komme hit og berre nyte livet. For ein plass det er, seier Arjan som kjem frå Groningen, som faktisk får ferjerute til Norge om kort tid.

«Muy Rico»
Den nye plata er spelt inn med fullt band og er den åttande i rekka. Musikalsk har bandet vandra fritt frå visesjangeren til moderne pop, med litt miks av det meste og det beste innan mange sjangrar. Det nye albumet er grovsortert i klassen «easy listening» og har fleire låtar som gir deg kvilepuls. Samtidig har bandet funne fram eit par tekstar det kan vere lurt å lytte litt ekstra til. I tillegg er både opningssporet og tittellåta ei openbaring og eit hint om at det er kvalitet som er samla på dette albumet.
Nemnte «Norwegian Mood», «Rising Waters» og «Little Things» er låtar som raskt skil seg ut. Det vandrar fint mellom det stille og melodiøse til meir pop- og folk-aktive songar med skikkeleg trøkk i. Arjan Van der Linde har ein spennande stemme, som ein også fekk fleire gode døme på under konserten på Frakkagjerd. Han beveger seg innan fleire toneleie og har eit stilsikkert grep om gitarspelet. På albumet speler han meir bass enn gitar, men det er ein stil som fenger, og som har gitt bandet eit godt rykte og mange spelejobbar.
På platespelaren blir det reint og fint, og ein får med seg alle detaljane som forsvinn i ein konsert. Samtidig skjønar ein at dei lett kan fungere med fullt band også på ein stor scene. Det er dyktige musikarar som gir heile plata eit fint lydbilde og ei plate ein gjerne vil spele om igjen.
Arjan Van der Linde er frontfiguren, og han tar sin rettmessige plass. Men det er også andre som gjer det bra, og gitarspelet på plata er av høg kvalitet. Totalt sett har bandet med sterke band til Tysvær på nytt levert eit solid album. Kanskje ikkje med ein ny hit som «Watch Your Game», men absolutt med låtar som kan spelast også på radioen.
Så får me krysse fingrane for at neste gong Arjan takkar ja til lunsjkonsert, vil ikkje Covid-19-spøkelse hindre oss i det. Dette er musikk som mange burde få med seg, både på plate og live i Storsalen i Tysværtunet.

Faktaboks

Terningkast 5

«Muy Rico»
VanderLinde
Arjan Van der Linde, Wietze Koning, Christof Bauwens og Fokke de Jong
Tekst og musikk: Arjan Van der Linde
13 songar
Utgitt januar 2022
Snakebit records