Musikar Håvard Ersland (t.h.) kjem til Tysværtunet kommande fredag. Han skal spele piano, medan Lydia Haugan Helland skal synge. 
Foto: Otterdal foto
Musikar Håvard Ersland (t.h.) kjem til Tysværtunet kommande fredag. Han skal spele piano, medan Lydia Haugan Helland skal synge. Foto: Otterdal foto

NY LUNSJKONSERT: Jazz og folkemusikk treffest til lunsj der mange har sikra seg billett

Musikarane Håvard Ersland og Lydia Haugan Helland kjem frå nabobygdene Imsland og Vikedal. Fredag held dei lunsjkonsert i Tysværtunet, der jazz møter folkemusikk i eigenkomponerte verk.

– Eg og Lydia har kjend kvarandre lenge, men har aldri spelt saman før, seier Håvard Ersland.
Det er altså ei premiere ein får med seg dersom ein tar turen til Tysværtunet, fredag.
– Men me har øvd saman i forkant, altså, forsikrar Ersland lattermildt frå bussen frå Oslo med kurs for vestsida av fjellet.

Frilansmusikar
Håvard Ersland er frå Imsland i Vindafjord, men bur for tida i Oslo der han er frilansmusikar og speler piano. Han byrja med musikk på ungdomsskulen, då han var med i revybandet. Ersland har vore elev ved musikklinja på vidaregåande og gått på Toneheim musikkfolkehøgskule. Han har også studert jazzmusikk ved universitetet i Stavanger.
– Korleis er det å vere frilansmusikar i hovudstaden?
– Det er veldig kjekt. Ein styrer dagen sjølv, seier Ersland.
Han speler med ulike band, og er del av Håvard Ersland Trio. Sjølv om det er jazz som er «hans» sjanger, speler han også alt i frå blues til pop.
– Det er jazz eg har utdanning i, og som eg har brukt mykje tid på. Men eg er interessert i musikk generelt, og synst det er kjekt å spele alt mogleg, seier musikaren.
Han har berre vore frilansmusikar dei siste to åra, og fortel at det har gått greitt. Og når det går greitt i pandemi, lovar det jo truleg godt.
Ersland er glad for at det nå i større grad blir høve til å halde konsertar å samle folk igjen.

Ulike sjangrar
Lydia Haugan Helland er låtskrivar, artist og komponist. Ho har hatt musikk og instrument frå heile verda rundt seg heile livet, som tangentar, gitarar, harper, djempe, fløyter og munnharper. Lydia skriv tekstar på både norsk og engelsk, og skaper melodiøs musikk med element frå soul, visesjangaren og folkemusikk.
Fredagens konsert byr på utelukkande eigenkomponert musikk i ulike sjangrar frå både Ersland og Helland.
– Det blir noko eg har skrive, og noko ho har skrive, samt litt me har laga saman. Lydia er interessert i folkemusikk og visesang, og dette er sjangrar eg ikkje er så vant til. Eg trur det blir ein spennande kombinasjon, seier Håvard Ersland.
Under konserten speler han piano, medan Helland syng og speler litt piano.
– Me gler oss til lunsjkonsert på heimebane. Og så er det jo mykje finare på Vestlandet enn på Austlandet, avsluttar ein blid Ersland lokalpatriotisk.

BILLETTAR KAN DU TA UT HER (HEILT GRATIS): https://tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-havard-ersland-og-lydia-haugan-helland-ay53xi/