Trygve Skaug har opplevd eventyrleg suksess på fleire frontar. Nå kjem han til Tysværtunet, der han mellom anna skal presentere songar frå si nye kritikarroste plate.
Foto: Pernille Sandberg
Trygve Skaug har opplevd eventyrleg suksess på fleire frontar. Nå kjem han til Tysværtunet, der han mellom anna skal presentere songar frå si nye kritikarroste plate. Foto: Pernille Sandberg

Denne konserten skal bli tøff å måle seg mot

Eigentleg skulle Trygve Skaug ha øvd saman med Henning Kvitnes og straks besøkt Haugesund. Den konserten er flytta, og då tar Skaug heller turen til Tysvær.

Onsdag kjem artisten, som også har hatt ei strålande tid som både Instagram-poet og tekstforfattar på diverse krus, til Tysværtunet. Der skal han servere det meste og beste frå si nye kritikarroste plate «Sanger du skal få når vi er vektløse». Og held konserten same standard som plata, ja, då blir det ikkje lett for andre artistar å matche den.
– Planen var som sagt å reise rundt med Henning (Kvitnes) denne våren, og me har øvd mykje og hatt det moro saman. Men så blei det for vanskeleg å planlegge med koronaspøkelse hengande over oss. Etter kvart enda me opp med å flytte det heile til hausten. Då blei det eit vakuum for meg. Eg spurte meg sjølv: – Kunne det vore ein idé å reise rundt og presentere den nye plata mi? Vel, som tenkt, så gjort. At den har fått strålande mottakingar over alt, gjer at fleire av konsertane mine nå er utselde. Difor tør eg spele ti av dei 13 songane på plata pluss nokre av dei mest kjende eg har gitt ut så langt, seier Trygve Skaug.

Her er kva me meiner om plata: https://tysver-bygdeblad.no/2022/02/24/trygve-skaug-skikkeleg-troystepremie/

Østfold nord
Skaug og Kvitnes har mykje felles. Skaug har mange gonger sagt at haldensaren er det store førebilete. Så at dei ein dag skulle finne saman og skape musikk, var ingen sensasjon.
– Eg bur langs svenskegrensa i Østfold indre eller nord, om ein vil. Han bur ved sjøen i sør. Men musikalsk har me mykje felles, og når me skal på turné skal me også synge kvarandre sine songar. På den nye plata mi er det ni songar som er spela inn solo, medan eg har band på fire av dei 13. På scena i Tysværtunet tar eg med meg fire gitarar og ein lydteknikar. Eg må ha med meg Arne Aasland, han var også teknikar på plata, seier Skaug.
Eit av måla med turneen er å spele på plassar han aldri har vore før.

Nedstrand
– Eg hugsar at eg spelte julekonsert på Nedstrand ein gong. Det var ein flott konsert. Dette blir noko anna, men eg håper sjølvsagt å treffe på gamle kjente. Me har ei tilnærming til publikum som er blitt ekstra forsterka dei siste to åra. Det å stå på scena og vite at det betyr noko, både for meg sjølv, men også for dei i salen er stort. Eg trur kvar konsert blir ein opptur på mange måtar, seier Skaug.
1,1 millionar gonger er den nye plata lasta ned på nett. Snart kjem den for sal på vinyl, men også i den produksjonen er det kø etter koronastenginga.
– Eg har nå gitt ut tre plater som alle startar med «Sanger du skal få når vi er…». Denne gongen er det vektlause at eg vil ha fram å sjå barna vekse opp, ein hyllest til besteforeldra mine som ikkje lever lengre, til familien og ikkje minst til flyktningar. Eg har så mykje eg vil fortelle om og eg håper og trur at mange vil kjenne seg igjen i desse songane, om dei er svevande eller ei. Difor passar det bra at det er meg, aleine med gitarane og publikum denne gongen.
– Dette er ein triologi som starta med døden. Men kor skal det ende?
– Eg veit ikkje, for eg har så mykje eg vil skrive om og så mykje eg vil synge. Så me får sjå kor dei neste stega går. Eg har også hatt eit par andre musikalske samarbeid som har vore fruktbare. Men eg kan ikkje få seie nok kor herleg det er å kunne planlegge konsertar igjen. Det er fokus nå. Det er heilt utruleg kjekt at me etter ein heilsvart periode kan vere med å opne landet igjen. Så skjønar eg at ein del arrangørar er litt avventande. Kva skulle ein elles forvente, slik det har vore? spør Skaug.

Tett på
På den nye plata er det fleire songar som allereie har blitt lasta ned så mange gonger at me snakkar om hits.
– Men kva likar du best å spele sjølv?
– Først må eg få seie at det er litt rart å sjå dei høge tala. Då blir ein audmjuk. Men eg synest det blei ei fin plate og det er alltid ekstra stas når publikum likar dei same songane som eg sjølv då. Det er ein fin song som heiter «Treng deg». Så har eg ein til foreldra mine som heiter «Takket være deg». Eg har også allereie blitt skikkeleg glad i «Båla langs Rødenes».
– Du fekk stor suksess med «Brigde over trouble water» på norsk for nokre år sidan. Nokon sjanse for at den dukkar opp?
– Den må me få plass til. Det var ein ny norsk tekst som mange har skrytt av, og eg synest det er viktig å lytte til kva folk vil høyre på konsertane mine. Når eg er aleine med mine gitarar så er det ikkje så mange å diskutere låtval med, ler Trygve Skaug.
Og med plan B reiser nå Skaug ut på en vårturné som heldigvis inkluderte Tysvær.