Suksessen gjer at ein rullar ut neste trinn  allereie før påske. Det betyr «Vannkanten» framst og «Skogkanten» med sine tre blokker bak.
Illustrasjon: Vinkel Arkitekter
Suksessen gjer at ein rullar ut neste trinn allereie før påske. Det betyr «Vannkanten» framst og «Skogkanten» med sine tre blokker bak. Illustrasjon: Vinkel Arkitekter

Skal forvalte svært attraktivt område: – Kjenner heilt klart presset i Aksdal

Den italienske landsbyen blei med draumen. Nå veks «Vannkanten» og snart «Skogkanten» opp i papirruinane etter storprosjektet ved Aksdalsvatnet. A. Utvik AS lovar å levere ut nøklar neste sommar.

Det var ein del som tenkte sitt då planane for den mykje omtala Italienske landsbyen blei lagt vekk. Det som kunne blitt eit av dei mest vanvitige bustadprosjekta i Tysvær var så nært å bli realisert, men likevel så fjernt. Heilt til A. Utvik AS fekk overta planane.
– Arne Utvik er kjent for uttrykket «Peis på», og det er akkurat det me har gjort i Aksdal. Prosjektet var godt planlagt, og mykje av reguleringa var på plass. Så då me signerte i fjor, lova me gravemaskinar i desember og støypearbeid før påske. Og ja, slik blir det, smiler Espen Nordal i A. Utvik.
Han hadde gleda av å selje dei første 40 leilegheitene, og det skulle vise seg å vere ein rimeleg overkommeleg jobb. Så stor suksess er det at han allereie nå lovar trinn to, «Skogkanten».

Trua
– Men heilt ærleg, Nordal, koss, kunne ein gå frå å gi opp til å ha ein slik suksess?
– Det er fleire ting som speler inn her, og eg ønskjer å snakke om det me har gjort, og ikkje det andre ikkje har gjort. Dette er eit fantastisk område som for ein utbyggar gir alle mulegheiter. Samstundes så er det ein del utfordringar når ein skal bygge så tett på naturen som me gjer her. Avtrykket vårt vil, og blir allereie, diskutert. Det betyr at me må gjere gode miljøval, og ikkje minst gjere det skikkeleg fint her. Då må ein presentere planar som tydeleg får fram dette. Me gjekk frå 250 til 40 einingar. Me gjorde endringar i høgda på bygga slik at mykje av innsynet nå er borte. Me brukte rett og slett all den erfaring og kunnskapen som me hadde i verksemda, slik at det me presenterte var truverdig.
– Kva med dei som hadde satt seg på liste for det første prosjektet?
– Dei fekk førsterett på å kjøpe seg inn i dette prosjektet. 11 av dei takka ja til det, og me la resten ut for ope sal. Prisen var frå 3,7 millionar og opp til rundt fem. Me har også eit par større med pris opp mot sju millionar. Då seier det seg sjølv at det ikkje er barnefamiliar me snakkar om.

Lite variasjon
Suksessen gjer at ein rullar ut neste trinn, og det allereie før påske.
– Då snakkar me om tre små blokker med ti leilegheiter i kvar. Her er det litt større leilegheiter med litt fleire soverom, mellom anna. Teikningane viser at dei blir mellom 85 og 113 kvadrat. Utsjåande er mykje likt «Vannkanten», og me vil at dette skal henge saman også for auga som ser heile området.
– Kva tenkjer du om respons?
– Då me hadde pandemivisningar på «Vannkanten» hadde me til slutt over 100 på lista som enten var nysgjerrig eller interessert. Eg veit at fleire av dei også er med vidare og håper å finne sin leilegheit i «Skogkanten».
– Kva kan du seie om desse 100?
– Det me ser i alle våre prosjekt i Tysvær er at kommunen skil seg litt ut med at det er ei samansett gruppe som er potensielle kjøperar. Det betyr at me ikkje kan variere veldig i tilbodet, men likevel jaktar me på nye kjøpargrupper.
– Det er dei yngste som manglar her?
– Dei har nok litt andre planar enn at det første dei kjøper er leilegheit i Aksdal. Skal me seie det slik, smiler Espen Nordal.

Her kan ein sitte og nyte utbygginga, smiler Espen Nordal lurt. Snart begynner ein byggearbeidet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg


Skryt
Så langt har det vore god stemning både innafor og utanfor sperringane ved turløypa. Mange passerer området kvar dag, og løypa rundt Bongsatjørn var den mest brukte for det populære turprogrammet TellTur i 2021.
– Så langt har det vore svært god dialog mellom dei som jobbar der, oss, og dei som går mykje tur i området. Det er to ting som går igjen, det er at dei er spente på korleis det blir sjåande ut når det står ferdig og at dei er glade for at det skjer noko i Aksdal. Eg veit ikkje om det er eit vedheng at det ikkje skjer noko her, men me er i alle fall glade for å vere med å utvikle dette området.
– For deg som er karmøybu og som sikkert har sett mange fine plassar å bygge hus. Kva tenkjer du om dette området reint fagleg?
– Det er indrefileten. Ingen tvil om det. Det er nesten vanskeleg å forklare alle plussa som vil komme på ei liste over kva kvalitetar dette området har. Nærleik til eit flott vatn der me skal lage to flytebrygger. Solrikt, naturen så tett på, det er stille her, det er turløyper rett utanfor døra. Ein har kjøpesenter, kulturhus og kyrkja rett bak oss, og ein må aldri glømme at ein har kort veg frå Aksdal til kva som helst elles på Haugalandet. Vil ein ha ei avveksling og litt andre butikkar tar det vel maks eit kvarter så kan ein boltre seg over det meste av sentrumsnære butikkar på Norheim og i Haugesund.

Prisnivå
– Med slike salsargument så kan ein vel ta kva pris ein vil?
– Nå er heldigvis, eller dessverre, alt etter som, ikkje Tysvær på prisnivå med for eksempel Stavanger-regionen. Prisane her har eit tak som ligg mykje lågare, men som samstundes på sikt vil gjere at folk frå sør og som jobbar her nok kan bli lokka. Me opererer med fast pris på våre bustadar. Det betyr at om det skjer ting undervegs, så må me heile tida tenke klokt og halde utgiftene nede. Her er det GL Prosjektservice AS som er totalentreprenør, og det er ei rekkje med lokale bedrifter som skal bygge, og gjere dette ferdig. Som sagt håper og trur eg at dei første får nøkkelen til si draumeleilegheit neste sommar, i alle fall på seinsommaren. Men det er klart at dei siste vekers hendingar i Ukraina har vist oss at det ikkje er alt me styrer sjølv, seier Espen Nordal.
Til nå har han selt leilegheiter for omlag 183 millionar i «Vannkanten».
– Det er lov for folk å gå tur rundt anlegget og kikke. Men vær så grei å ikkje gå bak sperringane. Dette er ein anleggsplass med strenge reglar. Ingenting er kjekkare enn at folk er nysgjerrige på det me driv med, men me vil ikkje ha nokon skader, avsluttar ein svært travel Espen Nordal i A. Utvik AS som skal ha visningsdag og salstart i slutten av mars.