Andreas Peterson og Øystein Simonsen garanterer for ei stor konsertoppleving når dei presenterer «Ut av lengsel - Nick Cave på norsk» i Tysværtunet første helga i april.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Andreas Peterson og Øystein Simonsen garanterer for ei stor konsertoppleving når dei presenterer «Ut av lengsel - Nick Cave på norsk» i Tysværtunet første helga i april. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Laurdag blir det heilt unikt med Nick Cave på norsk: – Eit eventyr av ein artist

I fleire år har Andreas Petersson jobba med tekstane til Nick Cave. Nå er dei klare til å syngast på norsk, med eit strålande knippe vokalistar klare for scena i kulturhuset.

Verdsartisten Nick Cave har fanga merksemd frå mange, både med musikken sin, men også med tekstane. To av dei som må kunne kallast fans har tatt dette litt lengre enn berre å sitte og lytte.
– I april kan me endeleg sleppe laus prosjektet som me har jobba med dei siste åra. Andreas har gjendikta tekstane og er også musikalsk leiar. Eg har tatt meg av ein del praktiske ting, som å ordne med rettigheiter og slikt. Me har allereie spelt inn ein song med Helge Martin Framnes som me presenterte i fjor, og der fekk me god respons. Nå blir det ein skikkeleg konsert med eit strålande band og eit knipe av våre mest spennande solistar og vokalistar, seier Øystein Simonsen.

Litt av ein gjeng
På scena er det rigga plass til Andreas Petersson, Karin Park/Kjetil Nernes/Årabrot, Rags & Feathers, Helge Martin Framnes og Musikkselskapet Nordvegen med Almuth Chylek, Tobias Tellmann og Bernhard Gismervik. Bak desse er Fredrik Horn, Anders Vatn Skaldebø, Jonas Selås Olsen, Pål Ellingsen og Sindre Petersson Løvold bandet.
– Fortell litt om kva me har i vente, Petersson.
– Eg har saman med Ingvar Hovland jobba med omlag 30 av tekstane til Cave. Me enda opp med 14 som publikum skal få høyre. Dette er ikkje oversett ord for ord, men ein gjendikting av tekstuniverset som Cave er blitt kjend for. Det er rock, men også eit par rolege balladar. Ein treng verken kjenne til Cave eller musikken for å kunne kose seg på ein slik konsert. Tekstane i seg sjølv, på norsk, gjer at ein verkeleg kan få vere med. For meg har han vore ein stor artist i mange år, og ein som har motivert meg. At eg nå saman med Hovland kan gjere det på denne måten er stort, og eg gleder meg til 2. april, seier Peterson.
– Dette er ei stor oppsetting og ei satsing, og eg håper at mange grip sjansen og får med seg konserten. Eg kan ikkje hugse at eg har vore med på noko liknande. Eg har følgt Cave i minst 30 år og han har utvikla seg enormt som artist, spesielt live, desse åra. Nå er han ein stor entertainer som leverer knallmusikk. Me håper at me kan få fram dette på ein god måte med vårt spenn av vokalistar i konserten, seier Øystein Simonsen.
Konserten har fått tittelen «Ut av lengsel – Nick Cave på norsk».
– Me jobba tidleg med å få med dei rette stemmane i dette prosjektet. Nå er me sjølvsagt spent på om publikum blir like begeistra som me er. Men eigentleg er me trygge på det, for det er slett ikkje kvar dag ein kan sette seg ned og nyte Cave sin musikk med sju av våre beste vokalistar og med eit skikkeleg stødig backingband som verkeleg leverer.
– Det kan fort komme folk frå andre stadar enn Haugalandet også på ein slik happening?
– Det kan det, og me veit at mange som likar Cave strekk seg langt for å oppleve musikken som han har gitt ut. Me trur også mange lokalt nå vil ut og få ein skikkeleg konsert ein laurdagskveld. At me har det ein laurdag opnar også for litt andre ting,
smiler Simonsen lurt.

Inspirerande
Andreas Peterson sit og smiler og observerer kulturhusleiaren som fortel om prosessen med å få lov til å gjendikte og bruke Cave sin musikk. Han nikkar når Simonsen fortel om kor viktig Cave har vore dei siste åra, og korleis han som Bob Dylan og Leonard Cohen har latt poesi og tekstar spele ei viktig rolle i det musikalske.
– Å få jobbe med desse tekstane har vore utruleg inspirerande. Kjensla når tekstane fall på plass og blei ein naturleg del av musikken, som me ikkje har «rota med», men speler originalt, var heilt utruleg god. Det var nesten som om eg hadde laga noko nytt sjølv. Den kjensla veit alle som driv med musikk motiverer til å stå på vidare, seier Peterson.
– Nokon sjanse for at Cave dukkar opp på bakerste rad med mørk hatt og solbriller for å høyre tekstane sine?
– Ha, ha, nei, det trur me ikkje er muleg. Han er visstnok på ein verdsturné nå. Men at det kan komme fans som overraskar oss med kor dei kjem frå, og kva Nick Cave betyr for dei, det trur me på. Og me håper sjølvsagt også at lokale Cave-fans deler denne nyheita slik at alle som bør få med seg dette, blir varsla. Så kan me love ein topp konsert og at me skal ta godt i mot alle som kjem. Det blir ein fantastisk konsert, – det er me sikre på, og det lovar me, seier Øystein Simonsen og Andreas Petersson.