Endelig kan me invitere til lunsjkonsertar igjen. Fredag er det klart for  «Serenity».
Endelig kan me invitere til lunsjkonsertar igjen. Fredag er det klart for «Serenity».

Klart for ny lunsjkonsert: Godt skjult perle opnar lunsjvåren

Vokalgruppa «Serenity» er godt kjent i søre Tysvær. Nå slepp me den fantastiske vokalgruppa laus i storsalen i Tysværtunet til gratis lunsjkonsert.

Endeleg kan me sparke i gang ein ny runde med lunsjkonsertar. Fram til sommaren slepp me til fire lokale artistar, som på kvar sin måte har skaffa seg eit solid publikum allereie. Først ut er vokalgruppa «Serenity» (22/4), så kjem «Grahams gang» (13/5), før det blei gjenhøyr først med «Bokn og Havresekken» (3/6) til slutt Lasse Sturland med band den 13. juni. Fantastiske artistar heilt gratis.
– Først ut er «Serenity». Fortell, fortell…
– Me er ei vokalgruppe med base i Tysværvåg. Me har musikarane Kjell Jostein Gismarvik, Lars Røthe, Kjell Magne Brekka og Trond Skjølberg med oss. Me har også vore så heldige å få engasjert Olga Dybdal på piano. Vokalen tar Evy Fjeldheim, Camilla Lothe Hatlestad, Oddveig Helen Rasmussen og Alice Endresen seg av. Musikken vår er i populærmusikk/country-gata, songar me liker og songar me veit publikum set pris på. Til nå har det vore mest konsertar i kyrkja i Tysværvåg, men å få komme til storsalen på kulturhuset blir stort for oss. Nå håper me både nye og gamle kjente tar turen og høyrer på oss, seier Fjellheim og Lothe Hatlestad.

Meining
Dei to har tatt turen til Aksdal for å snakke om det som må vere ein godt gjømt hemmelegheit for dei fleste av oss.
– Det er vår eiga skuld, men nå tenkjer me at det er på tide å vise oss litt fram. I tillegg til lunsjkonserten skal me også ha ein ny konsert i Tysværvåg i slutten av mai. Me har utruleg dyktige musikarar med oss slik at me kan sette eige stempel på dei songane me plukkar ut. Vokalmessig er det fleirstemt, og me trur nok dei alle fleste vil kjenne igjen songane. Det skal vere ein feelgood-konsert der ein kan komme inn, sette seg ned og slappe av i ein god halvtime. Me trur mange treng dette nå, seier Evy Fjeldheim.
– Me har sjølvsagt hatt to vanskelege år med nedstenging me også, men nå kjenner me at det slepp opp. Me møtest ein gong i veka og syng eit par timar i lag. For oss er det i alle fall terapi, og kanskje vil det bli det for publikum også, seier Camilla Lothe Hatlestad.
– Kva bestemmer for kva låtar som blir plukka fram?
– Me likar best songar som har ein tekst med meining. Så er me veldig i glad i gitarspelet til Kjell Jostein, og så er elgitaren ein viktig del av konserten. Elles skal det passe å synge fleistemt, men det meste går bra, for me elskar å synge. Me trur mange har eit forhold til countrymusikk slik som me framfører den, og me har tidlegare fått skryt for gode låtval. Så me er ikkje redde for å garantere ein fin konsert uansett kva musikksmak ein har, seier dei to vokalistane.

Litt nervar
– Kva tankar har «Serenity» om å bli ein del av den etter kvart store lunsjkonsert-familien?
– Nå har ikkje me kunne komme oss frå jobb og sett slike konsertar før, men me har høyrt mykje positivt om dei. Å kunne vere med på dette kulturelle spleiselaget og få spele i storsalen med lys og topp lyd, er sjølvsagt litt nervepirrande, men også stort. Me syng saman fordi me synest det er kjekt, men samstundes vil me ha høg standard på det me gjer. Me trur blandinga av å vere seriøse og leikne på ein gong er perfekt for oss.
– Kva betyr «Serenity»?
– Det betyr sinnsro og sjelefred. Det skal konserten bere preg av, og difor passar den for absolutt alle. Me trur både liten og stor vil ha glede av å komme i kulturhuset 22. april, avsluttar Fjellheim og Lothe Hatlestad.
Lunsjkonsertane er inne i sitt 6. år og arrangerast av Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad.

Konsertane er gratis, men ein må hente ut gratisbilletar før konsertstart, som er klokka 11.30.