Kultursjef Anders Netland er på jakt etter gode søknader.
Kultursjef Anders Netland håper at så mange som mulig sykler, går eller tar buss til Tysværdagen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Berre timar igjen til det brakar laus i Aksdal:

Oppmodar til parkeringsdugnad på Tysværdagen

Akkurat nå legg ein dei siste planane for årets store folkefest i Aksdal. Berre ein ting uroar sjefen sjølv.

– Me har brukt enormt med ressursar på å finne ei løysing på trafikken, og spesielt parkeringa. Det kan fort komme 5.000-6.000 personar på ein slik familiedag, og då må me tenkje lurt på korleis me skal komme oss til Aksdal. Det er rett og slett ikkje plass til alle som vil ha med bilen, og difor har me som tidlegare annonsert at det vil gå gratis shuttelbuss langs E134 frå Garhaug til Førre via Aksdal frå klokka 11.00 til 13.00. Dette er bussar frå Haugaland Taxi som har ein kapasitet på 50 personar og som vil vere eit flott tilbod, som me ønsker at svært mange vil nytte seg av. Parker bilen, finn eit busstopp langs E134 og hopp på, seier kultursjef Anders Netland.
I vekevis har han rusla rundt på Frakkagjerd, Aksdal og i Grinde på jakt etter parkeringsplassar.
– Det er mange stader det går ann å parkere ein laurdag, spasere ein kort tur til hovudvegen og ta bussen til Aksdal. Ein kan sjølvsagt køyre «drop off», og sleppe av passasjerar, då helst til bussterminalen og så for eksempel køyre til næringsparken på Eikeskog og ta seg ein fin spasertur til Aksdal sentrum. Eg trur og håper at me på laurdag kan gjere noko så utypisk for tysværbuen som å ta buss. Gjer me dette i lag, så trur eg få vil sitte sure i bilen på jakt etter parkering i Aksdal, seier Netland.

RAUDE RINGAR ER BUSSTOPP

Kjekt
Netland synest sjølvsagt at det er eit draumescenario at så mange vil komme på Tysværdagen at ein må gjere så pass store investeringar for å legge til rette for alle.
– Klart at det er kjekt. Men eg er litt redd for at noko av det kjekke på sjølve dagen blir øydelagt om ein ikkje får parkert. Me veit også at mange kan gå, sykle eller bli køyrd av andre, og alt dette vil lette på trykket. Me er sjølvsagt spente på vêret. Er det ok vêr så er folk langt meir fleksible, seier Netland.
Om ein klarer å få unna det første trykket, og det lover Netland at ein skal klare med god hjelp av parkeringsvakter frå Røde Kors, blir det truleg ein ny topp mot slutten av dagen. Då kjem Subwoolfer og Stina Talling. 1.200 publikumarar skal på konserten, og spørsmålet er kor mange som berre skal på den?
– Før konserten frå omlag klokka 13.15 vil bussane svinge innom Eikeskog og Næringsparken kvart tiande minutt. Dette tilbodet vil alle som skal på konserten få ein SMS om. Heilt gratis kan ein parkere der nede, ta buss til sentrum, og ta buss tilbake etter konserten. Gjer ein dette, skal me greitt ta imot ei ny bølge. Men me reknar med at mange av dei som skal på det som er ein familiekonsert allereie er i Aksdal og rundar av dagen i idrettshallen. Det er heilt utseld og det er ingen billettar tilgjengeleg, seier Netland.

Også retur
Shuttelbussane vil gå ei god stund etter at Tysværdagen er over, og som sagt i ok vêr går det meste greitt.
– Men korleis ligg du ann med vêret, Netland?
– Det blir stadig oftare besøk på yr.no og akkurat nå når me snakkar saman blir det eigentleg eit draumevêr for oss, med skyer og god temperatur. Litt for grått til å reise på hytta, perfekt for å gå på familiedag i Aksdal. Det er meldt eit par dråpar, men dei kan forsvinne før me veit ordet av det. Uvêr er det ingen som melder, så eg kryssar fingrane for at det blir ein fantastisk dag. Kan me løye alle utfordringar saman blir dette noko me skal utvikle vidare og gjere til ein endå større fest. Lag og foreiningar er klare og vil vere med på det. Det same er me i kommunen. Då må me lese det eg har sagt her og vere med på ein parkeringsdugnad. Akkurat nå er det parkeringa som gjer at eg ikkje kan slappe av. Men gler meg – ja, det gjer eg verkeleg. Fantastisk god mat, flotte standar, og eit rikt utval av kurs og underhaldning. Eg håper å treffe svært mange blide tysværbuar på laurdag, avsluttar ein travel Anders Netland.
Eit lite NB til slutt. Det er Haugaland Taxi sine bussar som er gratis. Haukeliekspressen, Kystbussen og vanleg rutebuss er ikkje det.