Gunn Waage Lien, helsesykepleier Tysvær kommune. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunn Waage Lien, helsesykepleier Tysvær kommune. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Forventningar om likestilling, mangfald og inkludering?

Av Gunn Waage Lien, helsesykepleier Tysvær kommune

… Det startar allereie når babyen ligg i magen, når foreldra planlegg barnerommet, klær og vogn, og både foreldre og samfunn har forventningar til den ufødte…
Då eg vaks opp på 80-talet, høyrde eg aldri at det å ha gutevener ikkje passa seg, ikkje før det vart sett spørsmålsteikn ved det i voksen alder, og då var eg så trygg i meg sjølv, at dei kommentarane ikkje gjorde noko. Heldigvis! Eg tenkte aldri at det var noko eg ikkje kunne bli av di eg var jente, at det å vere jente skulle vere noko form for ulempe. Eg tenkte rett og slett lite på forskjellar, tenkte lite på kjønn, eg berre var med dei eg likte å vere med.
Vi var kledd i meir kjønnsnøytrale klær enn i dag, noko som truleg handla mykje om økono-mi, av di vi måtte arve av kvarandre, og då var det mest praktisk slik. Foreldra våras handla ikkje inn mengder med rosa- eller blått før vi vart født, og ordet babyshower hadde dei ikkje høyrt om.

Eg hadde aldri jenteselskap, eg hadde bursdagsselskap. Eg gjekk i kor, korps og ei mengde ulike sportsgreiner der det var gutar og jenter i ulike aldrar om ein annan.
Eg er svært takksam for dette, og eg meiner det var- og er sunt!
I dag ser eg ein kultur der ein beveger seg vekk frå kvarandre. Det er veldig tydeleg kva ein er, og nåde dei som ikkje passar i den «forventa båsen». Ein skal og bør (helst) vere med dei med samme kjønn som går i samme klasse. Dette er slik eg oppfattar dagens uskrevne re-glar for sosial kontakt.
Har ein ven(er) av motsatt kjønn, kan du garantere at det blir kommentert! Eine sonen min, som har ei jente som ein av sine næraste vener, må til stadighet forsvare dette. Han må og tole terging. Heldigvis bryr han seg ikkje, men eg skulle ynskje det ikkje trengte forsvarast.

Kva rett har vi til å sette prislapp på vennskap? Kva rett har vi til å uttale oss om kva som er innafor eller ikkje? Bør ikkje vi syne i ord og handling at vi synes det er supert, at dette er noko som gjere oss rik? Skal det bli endring, må vi voksne starte med oss sjølve!

Eg har ei venninne frå barndomen som er svært ulik meg sjølv med tanke på interesser og ferdigheter, og dette er noko vi og bør hylle og applaudere. Eg trur det å setje pris på- og det å vere nysgjerrig på dei som ein i utgangspunktet har lite til felles med, er noko som kan gjere det lettare å sjå kven vi sjølve er- og det å bli meir trygg.
Det er VI som foreldre og VI som jobbar med barn og unge, både på jobb og fritid, som er med og legg føringar for kjønnsrollene, og eg trur vi burde røska litt opp i det, slik at ungane kan nærme seg kvarandre, framfor å skape avstand. Med godtatte vennskap på tvers av al-der, kjønn, likskap og ulikskap, er det lettare å få til likestilling, mangfald og inkludering.