Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kvinnehelse og inkontinens

Gunn Waage Lien – Helsesykepleier – medlem i folkehelsegruppa

Eg var ikkje gamal før eg høyrde om prostata, og at det var tulla med blant gutta-krutt i forbindelse med legesjekk eller lignande. Mindre vart det snakka om kvinnehelse, særleg det som skjer- og kan skje nedanfor navlen. No er det slik, at eg heier stort på at det blir snakka om- og tulla med prostata, for det treng menn å høyre om, dei oppsøker ikkje lege i utrengsmål akkurat. MEN- det er like viktig at vi snakker høgt om damene- og når eg seier høgt, så meiner eg meir enn at vi kviskrar litt med nabodama.

Vi snakka om det på sommaravslutning med jobb her om dagen, helsesjukepleiarar, sjukepleiarar og jordmødre. Vi fortalte ulike historier frå då vi byrja å jobbe innan helse, og vi var samde om at det var enkelte ting vi burde blitt fortalt FØR vi skulle ta pasientstell heilt på eigenhand.

Dei fleste av oss fekk sjokk då vi såg livmorframfall fyrste gang. Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand der delar av skjedeveggen eller livmortappen søkk nedover og kan kome delvis ut av vagina. Enkelt forklart så må dette gjerne «dyttast» på plass før pasienten kan tisse. Og sjølvsagt ikkje berre i høve det å tisse, ein kan ikkje gå med det dinglande ut, det må opp att, og det finnes hjelp å få.
Fyrste gang eg såg det, trur eg at eg vart heilt mållaus, og det er ikkje ofte det skjer. Sauestiren fekk eg og, men heldigvis for meg var dette ei dame som kunne snakke for seg, så eg vart instruert, klart og tydeleg, i høve kva som var mi oppgåve og korleis oppgåva skulle gjerast.

I etterkant hadde eg mange spørsmål til kontaktsjukepleiaren min, og eg inhenta nok meir informasjon kring emnet enn det vi hadde som pensum.
Som nyutdanna sjukepleiar med vakter på både sjukeheim og sjukehus, jobba eg mykje med andre damer, og gjerne dei i aldersgruppe 40+. Eg hugsa dei ba meg slutte å vere morosam, slutte å le, eller at dei ikkje kunne springe eller hoppe, for då måtte dei skifte. Tenaen kunne ikkje klare å halde på alt! Eg hugsa eg vart overraska over at dette var såpass vanleg, og at eg ikkje hadde høyrt noko om det før.
Tenk kor mykje det har begrensa desse damene? Kvifor er det ikkje meir opplyst kring at det finnes hjelp å få? Kvifor er det ikkje meir undervisning kring kor vanleg dette faktisk er?

Eg vart så stolt av ei venninne av meg, som annonserte høgt og tydeleg at ho kom til å vere vekke ei stund frå trening av di ho måtte operere inn ei slags hengekøye for å klare å halde på urinen. Mange av dei yngre på trening vart nysgjerrige på dette. Slyngeoperasjon blir utført på kvinner som har stressinkontinens, som betyr urinlekkasje ved for eksempel hosting, nysing og fysisk aktivitet. Vi treng meir åpenhet kring det, vi treng fleire som fortel, fyrst då kan alle få den hjelpa dei treng. Alle må få vite at det ikkje alltid er nok med knipeøvingar. Det kan til dømes hende at ein har uoppdaga skade etter fødsel, som gjere at knipeøvingane ikkje er tilstrekkelig. Og med god hjelp vil ein også få betre livskvalitet.