The Colors Turned Red med Johnny Liadal i spissen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
The Colors Turned Red med Johnny Liadal i spissen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Johnny og Colurs Turned Red med ny musikk: Fargerikt og lyttbart

The Colors Turned Red med Johnny Liadal i spissen er endeleg klar med «As if we owned the world». Slett ikkje dum å ha på platetallerken den.

Bandet som har vore ein snakkis i årtider har venta lenge på å få sleppe til med sitt nye album. Pandemien gjorde alt vanskeleg også for Liadal og bandet som nå er spreidd rundt om på alle kantar av landet.
– Nå er det endeleg klart og me slepp det neste helg. Me er glade for at det endeleg er tilgjengeleg, og stolte over å høyre at det har det nivået som me står for. Dette var ei utgiving med mange hinder, men nå kan me endeleg sjå framover til lansering og konsertar i romjula, seier Liadal.
Haakon Larsen har laga det meste av låtmaterialet saman med bandet. Det er som ein hugsar frå sist, sjølv om det er mange år sidan, herleg lett og fengande britpop så tett opp mot ein stil som me har lov til å tørre å ha forhåpning rundt. Det er lite krims-krams og vanskelege ting å halde seg til. Det er rett på, det er tidvis morosamt og leikent, før dei tar det litt ned og lar oss lytte.
– Håper at lyttarane opplever det slik. Det er i alle fall det som er meininga. Me er ikkje kopi av noko band, men gjerne ein del av ein musikkstil som heilt rett ofte var vanleg å lytte på frå England. Me er inspirert og vil med denne musikken hylle den typen pop/rock, seier vokalist Liadal.

Hits
Det kan med ein gong seiast at her er det mykje å lytte til og ikkje minst lytte etter. Litt Bono og U2 det eine augeblikket, før ein meir eller mindre har ei kjensle av å leve seint på -60-talet eller tidleg i det neste tiåret der denne stilen var stor. Og det er slik ein skaper sin eigen stil og set sin eigen farge på musikken.
Det er eit par hits ute og går allereie. Bandet har gitt ut tre singlar som alle har fått godt med speletid, spesielt på vår lokale radiostasjon. Og det er gode songar, der Liadal og spesielt Larsen sitt gitarspel heng godt saman og skaper gode låtar. «let it happend» er og vil bli mykje spelt, i alle fall på kanalar som speler ekte musikk produsert i 2022. Den låta har noko med seg som gjer at den glir rett inn i øyra og minnet til lyttaren. Tittellåta er på mange måtar ei fin oppsummering av plata, spesielt i stil og form. Lett å like, lett å måtte spele om igjen. Alltid noko nytt og nokre nye detaljar. «Too smart for Norway» er også ei stilig låt, men kanskje noko for repeterande for underteikna. Men det er også litt stilen til Larsen og Colors. Det er korte linjer med tekst og mykje repetering. Det fungerer bra tidvis, men av og til blir det meir opphakkande enn stileg. Eit anna positivt innslag i lydbilete er Bengt O. Hansen sine keyboards som finn plass og tar seg herleg til rette på ein del av songane.
Ein av singlane heiter «Knocking on Norwegian Wood». Det er også ein av songane som rimeleg raskt blir ein favoritt og som skil seg litt ut på LP si A-side der det jamt over er mykje bra å låne øyra til.

B-sida
Det er ingen problem å spele gjennom heile plata i eit strekk. Songane heng på kvar sin måte litt saman med kvarandre. På «Smoke of love» kan eg ikkje unngå å høyre litt U2 over det. Men som sagt det treng ikkje vere noko minus. Igjen slår det meg kor viktig keyboardet og også tidvis bassen er i bandet. Kanskje får ein det beste døme på basspelet til Ketil Torgersen i låta «What if we do (and see what happens).
Totalt så har låtane funne rom for det meste. Ikkje alt som får deg til å hoppe i stolen og skru opp volumknappen, men heller aldri kjedeleg eller uinteressant.
Dette er bandet sin 3. LP, dei andre kom i 1988 og 2004. Ventetida for fansen har vore lang. Nå får dei for tolmodet, medan nye fans skal hankast inn. Med eit album som utgangspunkt, og drivande gode konsertar, så kan det bli eit raudt skjær over artisthimmelen også i 2022 for det potente bandet.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 5

«As if we owned the world»
The Colors Turned Red

Ny LP
Haakon Larsen, gitarar, Johnny Hazard Liadal, vokal,
Ketil Torgersen, bass, Morten Jackman, trommer og Bengt Hansen, tangentar
Tekst/musikk: Larsen, Hansen
og The Colors Turned Red
Utgitt på: SolidGoal!
September 2022