Marianne Tjorland – Spesialpedagog – Tysvær kommune
Men det er ikkje alle som blir spurt, som veit korleis man skal spør om å leike og som har ulike vanskar med det sosiale samspelet. For å førebyggja utanforskap og skape eit inkluderande fellesskap, er det viktig at barna får gode erfaringar med samspel og vennskap.
Vennskap er viktig for inkludering og å høyre til eit fellesskap. I dag går svært mange barn i barnehagen frå dei er ca. eitt år og barnehagen er då ein viktig arena for utvikling av leikekompetanse, sosial kompetanse og ein stad å knytte gode vennskapsband. For barn i barnehagealder handlar vennskap mykje om å ha det gøy saman her- og no.
Rammeplanen for barnehage seier: «Barnehagen skal ha en helsefremjande og førebyggande funksjon» Vidare skal barnehagen: «vera ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.»
Leik står sentralt i alle aktivitetar og læringssituasjonar i barnehagen. «Å leike seg til læring» er unikt for barnehage. Ei særleg viktig oppgåve for barnehagen er å leggja til rette for variert og allsidig leik ved å ha varierte moglegheiter inne og ute, ha variert materiell og utstyr og tid til leik. Personalet i barnehagen må aktivt involvera seg i barnas leik for å sikre at alle barn blir inkludert og bidra til at alle barn får gode felles erfaringar.
Opplevinga av å vera ein del av fellesskapet er viktig for vår psykiske helse. At nokon ventar på deg når du kjem i barnehagen og seier «Hei, kjekt å sjå deg», at nokon spør «følle du?» eller «skal me leka?», det er viktig for trivsel, vår sjølvkjensle og vår psykiske helse. Gjennom vennskap lærer barn meir om seg sjølv og det er positivt for utviklinga av eigen identitet. Vennskap kan vera med på å utvikle sosial kompetanse.
«Eg har bare lekt i dag» får du kanskje til svar om du spør barnehagebarnet. Då betyr det mellom anna at barnet har opplevd vennskap og fellesskap, meistring og positiv sjølvkjensle, glede og humor i samspel med andre, brukt fantasien og gjort erfaringar med ulike typar leik. Barnet har utvikla språket sitt og lært fleire ord og begrep, øvd på ulike motoriske ferdigheiter, fått erfaringar med å dele og vente på sin tur. Barnet har fått kjennskap til eigne og andre sine behov og følelsar, å ta andre sine perspektiv, øvd på konflikt handtering og forhandling – for det er ikkje alltid det er lett å dele eller la vennen bestemme kva me skal leike og korleis.
Det er mykje som skal lærast og me lærer best i trygge omgivnader med gode vaksne som hjelper og rettleiar i leiken.
Ved å setje leiken høgt i barnehagen har me stor sjans for å sikre at barn får ein god start på livet, ved at me byggjer robuste, sjølvstendige barn med godt sjølvbilete, som har god sosial kompetanse, god leikekompetanse og god «vennekompetanse».