Anne Aase, Jon-Vegar Dagsland, Gro Anita Tvedte og Anne Kathrine Haaheim Silverbird er i strålande humør sjølv om butikken skal snus opp ned dei neste dagane. 100 år skal markerast.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Anne Aase, Jon-Vegar Dagsland, Gro Anita Tvedte og Anne Kathrine Haaheim Silverbird er i strålande humør sjølv om butikken skal snus opp ned dei neste dagane. 100 år skal markerast. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vinmonopolet 100 år: Fagleg påfyll er viktigast for oss

Strenge menn i frakk bak ein disk, lange køar og korte opningstider. Slik er det mange som hugsar Vinmonopolet. I dag er det ein topp moderne butikk med høg fagleg kompetanse.

Anne Kathrine Haaheim Silverbird er butikksjef både på Oasen og i Aksdal Senter. Det siste året har butikken her hos oss i Tysvær vore ein opptur frå dag ein. Folk frå Stavanger på veg til fjells, eller tysværbuar på leit etter noko godt å ha i glaset har vist at eit pol det ville dei ha.
– Det er rart å sjå korleis historia til Vinmonopolet strekk seg langt tilbake i historia. Mykje lengre enn dei 100 åra ein nå skal feire. Utviklinga har vore enorm og tanken bak har på mange måtar endra seg og blitt tilpassa tida me lever i. Historia vår er samfunnsfag på eit høgt nivå, smiler butikksjefen.
I butikken i senteret ser det ikkje ut denne måndagen.
– Det stemmer faktisk. Me skal snu opp ned på mykje av det me har her. Grunnen er at me skal tilpasse oss det kundane våre har vist dei er mest interessert i. Det er lyst og det boblar. Sider frå Hardanger og lette vinar er noko som er blitt eit kjenneteikn. Det same med lyse øl. Då flyttar me det fram og lar det brunaste brennevinet forsvinne bakover i butikken, seier Haaheim Silverbird.

Suksess
Sjølv om mange av oss med gru hugsar strenge blikk og stramme seljarar bak disken på gamle polutsal, så er ikkje dei opne butikkane heilt nytt lengre.
– Eg har vore med sidan omlag 2000 og den utviklinga me ser nå har komme jamt og trutt. Kanskje det var omtrent då eg begynte at ein gjekk vekk frå disk til å ha opne butikkar der ein kunne gå rundt og kikke på varene og finne det ein ville ha. 20 år går fort, seier Haaheim Silverbird.
Og at det har vore ein suksess er det ingen tvil om. Det same gjeld for Aksdal som har vore meir enn ein suksess. Faktiske så bra at ein allereie ønsker seg større lokalar.
– Det blir det jobba med, så får me sjå.
– Det var eit ønske om å regulere og ha kontroll på alkoholutsalet som skapte Vinmonopolet. I dag står det meir fram som ein vanleg detaljbutikk med høg fagkompetanse.
– Det er heilt rett, og det er ingen tvil om at fagkompetanse er det som er vårt sterkaste kort. Må får stadig fagleg påfyll og ein skal kunne spørje om det meste og få gode svar. Det er litt vanskeleg å forklare kor mykje tid me bruker på å halde oss oppdatert, men mange av oss bruker alle anledningar til å få nye input og meir kunnskap. Internt er det kø om kursplassar. Det skjønar eg godt, for det er ingenting som er kjekkare enn å vere fagleg sterk, kunne hjelpe kundar og gjere ein god jobb.
– Mange rare spørsmål?
– Kva er det ein seier, det finnest mange rare, men ingen dumme spørsmål… Vel, når ein kjem trippande inn på ein fredag og skal på fest og lurer på om me har ein vin som ikkje gir dei vondt i hovudet dagen etter, er det freistande å komme med eit tips om ikkje å drikke så mykje eller så lenge. Elles er det mange spørsmål om vin til mat og drinkar. Folk har fått eit anna forhold til alkohol og opplevinga med den. Heldigvis, seier butikksjefen.

Fin gjeng
Det blir flytta på flasker, fire kvinner og menn er i gang med å snu opp ned på butikken.
– Nå har me fått testa ut denne butikken saman med Oasen. Eg må få lov til å skryte av gjengen. For ein innsats dei har gjort. Det å opne ein ny butikk, få så mange kundar og likevel klare å tilfredsstille dei aller fleste ønska er eg kjempestolt av. I vår bransje er det mange viktige samfunnsoppdrag som skal kombinerast med å gi fagleg vurdering av alkoholhaldige drikkar. Me er strenge på aldersgrenser og har mange kampanjar på det. Me godtar heller ikkje langing, eller at rusa personar får handle hos oss. Det er ein jobb som krev ein balansert og dyktig tilsett som har fagkompetanse, men også god menneskeleg innsikt. Me har nulltoleranse for truslar og har heldigvis hatt lite av det i Aksdal. Me skal kjenne til området me er ein del av og historia om månadane i Aksdal-butikken har til no vore ei fantastisk tid. Så mykje kjekke folk, så inkluderande og ikkje minst så interesserte kundar som me har. Dette er verkeleg noko å feire, og det skal me om ikkje lang tid, avsluttar ein svært travel butikksjef, Anne Kathrine Haaheim Silverbird.
Vinmonopolet er 100 år den 30. november. Då er det 100 år sidan ein opna det første utsalet i Oslo. Men historia, ja den går tilbake til tida rundt Svartedauen og vel så det.