Espen Eriksen og Gunnar Halle lover ein dempa og vakker julekonsert i Tysværtunet. Julelunsjkonserten er starten på den 8. sesongen med lunsjkonsertar.
Espen Eriksen og Gunnar Halle lover ein dempa og vakker julekonsert i Tysværtunet. Julelunsjkonserten er starten på den 8. sesongen med lunsjkonsertar. FOTO: Alf-Einar Kvalavåg

Lunsjkonsert klokka 11.30: Kjør forsiktig for det er spinnglatt

Gunnar Halle og Espen Eriksen. Det er julekonserten sin det. Endeleg kan Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus invitere til lunsjkonsertar igjen.

Våre populære lunsjkonsertar har hatt ein ufrivillig pause, men i dag er me tilbake og det med ein skikkeleg herleg julelunsj med pianisten og grindebuen Espen Eriksen og trompetisten Gunnar Halle. Dei har fylt salen før, så her må ein vere kjapp med å sikre seg ein gratisbillett.

– Me ser fram til å komme «heim» til Aksdal og spele julelunsjkonsert. Det er eit strålande tiltak og at me nå kan vere med å gjenopne denne flotte konserttradisjonen set me pris på. For oss to er det å spele julekonsertar i advent ein måte å lande litt etter eit hektisk år med konsertar på kvar vår kant. Eg kjem sjølv i frå ein strålande turné i Storbritannia med trioen min, der har me spelt for fulle hus og fått gode kritikkar. Men nå er det snart jul og då treng me å roe ned litt, seier Espen Eriksen.

Ro

Når Eriksen og Halle speler inn jula har dei sine jazzversjonar av kjente julesongar. Denne gongen har dei med eit par nye songar.

– Me er i ferd med å øve til julekonsertane nå, og har ikkje heilt klart for oss kva me skal spele. Men me lovar at det er kjende og kjære songar, som me som sagt har vår vri på. Sist me var i Tysværtunet fekk me svært gode tilbakemeldingar på dette, og ser fram til ein ny herleg konsert. Folk skal kunne komme i storsalen finne seg ein god plass å sitte, nyte roen, musikken og klare å senke skuldrene.

– Kva er det som gjer at desse tradisjonelle songane framleis står så sterkt?

– Først og fremst fordi dei er ein del av kulturarva vår. Så er det gode melodiar som toler tidas tann. I tillegg er det mogleg å variere over tema i dei og lage våre versjonar, utan at me vandrar for langt vekk frå det originale. Dei songane me speler har påverka komponistar som seinare har laga nye julesongar, det er utruleg mykje bra å velje i.

– Blir lite amerikansk jul å høyre med andre ord?

– Ja, det blir heilt feil for oss, seier Eriksen.

Viktig

Espen Eriksen er ikkje så mykje heime som han kanskje ønsker, men konsertane han har på Haugalandet før jul blir den årlege julefeiringa på våre kantar.

– Me skal spele på rådhuset i Haugesund dagen før, overnatte hos mor, og så spele i Tysværtunet om fredagen. Blir jula heime i år det. Kan ikkje bli så mykje betre. Det er alltid kjentfolk i salen og det er kjekt å kunne stikke innom og seie hei og god jul.

– Dette er ein neddempa konsert, kvifor vel du det som julekonsertkonsept?

– Det er nok av dei store konsertane med pomp og prakt og tunge produksjonar. Me vel å dempe det, gjennom flygel og trompet. Trur publikum treng litt å velje i. Julekonsertar er viktig for mange, da må det vere litt for ein kvar smak, seier pianisten som saman med Halle har gitt ut både juleplate og ei plate med våre finaste salmar.

– Ein kan vel seie at julesalmane er blant dei finaste. Me tar med oss det beste frå tidlegare konsertar og fyller på med eit par nye. Me seier ikkje meir, så får dei nye songane vere vår julegåve til publikum.

Tilbake

Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. Målet er å sleppe til lokale artistar som kjem ut med nye musikk eller som har andre spennande prosjekt på gang. Etter ein periode med ein pust i bakken er me nå tilbake for fullt.

Det betyr at me allereie 13. januar får ein ny lunsjkonsert då med brørne Ohm. Dei jobbar for tida med ny musikk og vil presentere den for oss i storsalen. Utover våren kjem duoen «Ilu» som består av Ane Kvinnesland og Marie Kvammen. Me kan også sleppe gladnyheita om at Muddy Young kjem tilbake og har ein sommarlunsjkonsert når me kjem til juni. Me har også fleire spennande namn som vil bli annonsert etter kvart.

Konsertane i storsalen i Tysværtunet er gratis, men ein må framleis løyse ut billettar før konsertane tar til. Dette har vore eit populært tilbod så det lønner seg å vere raskt ute med å få billett. Spesielt til julelunsjkonserten då det går rykte om at større bedrifter vurderer å komme samla for å ta ein timeout før jul.

Velkommen tilbake, og det er med stor glede me ønsker Espen Eriksen og Gunnar Halle velkommen til å restarte dei populære konsertane.

Når me tar imot Berge og Olav Ohm i januar er det nøyaktig åtte år sidan Tom Roger Aadland sto på scenen som den aller første artisten.